Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 43 sitater

Vår verd skal gå under

Vår verd skal gå under.
Ho lever ei stund,
ein usæl flakkande
draum i Guds blund.

Du er ein millom alle.
Å tinga med Han
det må du då skyna
er nyttelaust, mann.

Man ver lell ein vilje,
ei hand som held ratt
um Skaparen vakna
og gløymde oss att.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Bålet

Til heimsens store
lidingsbål
du ber din ved
og slær ditt stål.

Den minste som
den største sjel
er gneistar i
det store spel.

Og blinde, galne,
fant og herk
i fargebragdi
gjer sitt verk.

Og bålet glør
di ånd, ditt hold
med krek og kryp
til slagg og mold.

Rettferdiggjort
av gru, av mengd,
av leik og villskap,
rom og trengd,

det leikar seg
i storm og blund,
og lèt deg ha
ei sigerstund -

då hug, då draum
med lengt og tru
slær bogar i
ei hildrebru -

då Gud og æve,
viljen fri
er lutlag du
har partar i.

Men det er dogg
og blenk som kverv.
Og du har att
å ta din skjerv.

(fra Under bergfallet)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I lovers hand vår røynd er lagd.
Me visste det.
Men vita ho i mannemakt
gjev ikkje fred.

Vårt liv er ringt og lite verdt.
Man kvar og ein
har noko her på jordi kjært,
ja, gras og stein

og dyr og tre og anna liv
me gjerne vil
skal vara, leva når me ikkje
meir er til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

TÅRE, DU TARV IKKJE FALLA

Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil da det galdt
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Då eg vakna i dag, var rutone attfrosne,
men eg glødde av ein god draum.
Og omnen slo varme ut i romet
frå ein kubbe han hadde godna seg med um natti.

Olav H. Hauge - VINTERMORGON

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Liv, eg bankar på og spør:
Hev eg fenge alt eg skulde?
Finst det ikkje enn ei dør
inn til skattar som er dulde?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Heilag var elden
som i ditt hjarta brann.
Dåre, som ikkje forstod,
men prøvde å sløkkja han.
Vatn bar du på bålet,
vatn og sand.

Audmjuk skulde du bede
og dine hender nest:
Herre, let elden brenna,
den heilage gjest.
Lat meg til oske gløda
til siste rest.

Dåre var du som ikkje
stundi forstod.
No kan du eta og drikka
og sova i ro.
Sløkkja kan du, men ikkje kveikja
den heilage glo.

(Olav H. Hauge: Elden)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ho er søt, einsemdi,
so lenge vegen attende
til dei hine
er open.
For du skin ikkje
for deg sjølv.

Men den dagen berget
dett i
attum deg,
stend du og ropar
i blind angest
og slær knokane
mot ein stengd vegg.

Og du klagar til stjernone,
steinane, havet og vinden
og trur dei veit
og gjer deg
ringare enn dei.

Å, du attum eimsemds berg!
Det renn attende
so løynd ei elv,
um du som Sinbad
torde fylgje henne.

(Olav H. Hauge: Attum Einsemds Berg )

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det kjem eit brev

Det kjem eit brev, Og eg vart glad.
Ei bølgje av sorg
ber meg mot høgdi.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg ser du har lært

Eg liker
at du
bruker
få ord,
få ord og
stutte setningar
som driv
i ei skurbye
nedetter sida
med ljos og luft
imillom.
Eg ser du har lært
å rigla upp
eit vedlad i skogen,
godt å leggja det
i høgdi
so det turkar;
legg ein det lågt og langt,
ligg veden og røytest.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine Sundal