eg skriv eit brev
til vinden
til vengjeslaga
til vinteren som varer
lenger enn vanleg
til det tommet tunet
til nettene eg ikkje får sove
til billene under barken
til holet under huda
til trosten som låg død på trappa
til ungane hans
til stilla i skogen
til kalven som vart oppkalla etter kongen
til dagar som kjem og går
til rauting om våren
til stålisens knitrning
til ein stad inni meg eg kanskje finn kvile