Vi må ta inn over oss at kloden er eldgammal, og i stadig utvikling, vi må ta inn over oss den djupe tida som geologane snakkar om. Djup tid er eit anna ord for geologisk tid, der en ikkje reknar i minutt og sekund, men i millionar av år, og i eit slikt perspektiv, perspektivet til fjella, ser alt annleis ut. Det er svimlande, men kan det også gi ro, noko eg verkeleg treng?