Eit større fellesskap som ein nasjon er berre mogeleg for autonome individ som kan skape rammene og reglane for fellesskapet sjølv, og gjere dei likeverdige for alle. Gruppetenkinga i kulturalismen er farleg og feil. I begge versjonar. Det første endar i kulturell nasjonalisme: ein bodskap om at vi er noko ekte, som andre ikkje er del av - ja, som andre til og med kan øydelegge. Dette synspunktet overser at verdiane våre alltid har vore i konstant endring. Det kan heller aldri fungere i ei tett integrert verd, det kan berre lukke oss inne.

Det andre endar i kulturell laissez-faire, ei tru på at alt kan gå. Men alt er ikkje likeverdig. Nokre kulturar, idear og verdiar er humane og rettvise og kan fungere universelt. Andre er det ikkje. Og alt på ein gong går ikkje. Vi kan ikkje basere lover, normer og demokrati på motstridande kulturar, vi må ha ein felleskultur. Dess meir mangfaldige vi blir, dess viktigare blir det å tåle meir av kvarandre. Vi kan leve side om side, med ulike idear og uttrykk. Men fundamentet må vi dele.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria Jonassen