1000000000 forsteina sild i stim.

I Kirkdale-hola fann prof. Buckland restar av elefant, reinsdyr, nashorn,
flodhest, hest, tiger, bjørn, ulv, hyene, rev, kanin, hare, ramn, due,
lerke, snipe og and.
Korleis kan reinsdyr og flodhest ha levd side om side?
Kvifor låg beina av alle desse dyra i ei berghole?

Buckland hevda at årsaka må ha vore ein verdsvid flaum, som førde
desse dyra saman. Då dyra i Kirkdale-hola låg under eit golv
dekt med stalagmittar, rekna han ut kor lang tid det kunne ha teke
å avlagra desse, og kom til at det ikkje kunne ha gått meir enn
fem-seks tusen år sidan katastrofen. Andre vitskapsmenn kom til
same resultatet. /

I Austpreussen og Geiselthal finst store mengder rav (...)
Ravklumpane, som kan vega 5 kg, inneheld ofte fullkome "hermetiserte"
insekt og plantedeler av moderne type, det syner seg at dei kjem frå
alle strok på jorda. I brunkollaga i Geiselthal finn ein og insekt
og plantar frå alle klimasonene, i lag med restar av krokodillar,
halvapar og kjempeslangar.
I somme blad kan ein skilja alfa- og beta-typane av klorofyll, noko
som tyder at blada må ha vorte nedgravne temmeleg fort, klorofyll
går elles til grunne på dagar eller timar.
Same vitnemålet finn ein i London-leira, som inneheld plantedeler
frå India og Malaysia.
Ein verdsvid flaum må ha ført desse plante- og dyrerestane saman
på desse stadene -- ein teori som ikkje kan sameinas med aktualismen.

/

Under dei naturtilhøva som rår i dag, blir praktisk tala ingen fossil
av landdyr til, samanlikna med dei mengdene som finst frå tidlegare
tider.. døde dyr rotnar eller blir oppetne med ein gong, før dei vinn
å bli dekte med lag av vernande masse. Utgravingane syner at
dei fleste fossila blir funne i reine massegraver, der dei må ha vorte
nedgravne snøgt og effektivt. Kor fort det må ha gått, vitnar fiske-
fossila om, dei blir ofte funne i forvridde stillingar som syner
korleis dyra har stridd mot sedimentmassane som tetna til omkring dei.

I California ein sildestim på meir enn ein milliard individ forsteina
over 10 km2, om lag 1 sild pr dm2.
I La Brea, Los Angeles finn ein gjsn. 25 skallar av sabeltann-tiger
og ulv i 1 m3 asfalt;
like mykje kalkfjell i Agate Springs, Nebraska inneheld opp til 1000
bein av nashorn, kamel, kjempevillsvin og andre dyr.
I San Pedro grev ein fram mastodontar som står beint opp i grus,
oske og sand. I Sørstatene driv ein somme stader steinbrot - eller
rettare sagt beinbrot -- i fossilmassane for å vinne ut fosfat
av beina.

Ved Chou Kou Tien fanns eit sammensurium av bein frå dyr som normalt
lever i kvar sine strok, her var dyr frå tundraen, frå steppa og
prærien og frå jungelen -- mammut, bøffel, struts og arktiske dyr.

/

Kildetekst faksimile her (nb.no)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl