Folk lever livet på mange måtar. Sume talar, andre teier. Sume lyt ha folk ikring seg støtt for å like seg, andre er ikkje like seg om dei ikkje er heilt einslege, i alle fall innimellom. Benedikt var elles ikkje folkestygg. Men på adventsvandringane sine hadde han vant seg frå fylgje av folk, for dei trøytta han så gjerdlaust med bygdaprat heile utlange dagen, slikt sømde seg ikkje her inne mellom fjella. Fullt så gale hadde det ikkje vore i yngre år. Han merka at han aldrast. Kvar var freden og den store stilla frå sundagen? Kvar var vonene? Kvar var trøysta og tryggleiken? Var det verkeleg berre fem netter sidan? Eller kva var det han sa: var det verkeleg alt fem netter sidan? For så skulle han no snart ha vore heime att - om alt hadde gått som det skulle. Og her låg han, like utsliten som kletufsene sine. Ein fillefrans, både utanpå og inni. Akk ja, tida går, ein er ikkje ung lenger.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R