Gambling appellerer òg til noko rotfest i den amerikanske folkesjela: Ein kan starte på nytt kvar gong. Hendinga før har ingen naudsynlig samanheng med hendinga som følgjer etter. Alt kan finnast opp på nytt, igjen og igjen. Vi har meir enn éin sjanse. Her er livet konsentrert til sin symbolske, eksistensielle kjerne: terningen. Korta. The Big Spinning Wheel. Lukka er stoastisk, ein har ekstrem flaks om ein er sin "eigen lukkes smed". Den amerikanske draumen insisterer meir enn noko på at det vil gå deg godt om du arbeider hardt. På kasinoet verkar det å vere ei stilltiande forståeing av at dette ikkje utan vidare er sant, og at livet i høg grad har eit element av hasard ved seg. Vi rår for eksempel ikkje med kven vi blir forelska i, der skjer meir eller mindre på slump, men kan ha enorme konsekvensar. Sidan vi ikkje har kontroll, har vi lett for å tenkje at nokon andre har det. At ting ikkje er tilfeldige, men at det finst ein skjult plan med alt. Dette finst det eit anna ord for: religion.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila