Tenker ein på det å være ung på slutten av 60-talet og begynnelsen av 70-talet, ser ein straks for seg strenge AKP-arar gå i demonstrasjonstog mot Vietnamkrigen eller langhåra og hasjrøykande hippiar som sit i ein park og hører Jimi Hendrix og seier wow. Alle gjer det. Til og med mora mi gjer det. Sjølv om ho sannsynlegvis ikkje veit kven Jimi Hendrix er eingong, så gjer ho det. Ho ser ikkje for seg sitt eige 60- og 70-tal, ho ser for seg 60- og 70-talet til dei som var poulære og skoleflinke og ressurssterke den gongen ho var lita, dei som var fødde med ei sølvskei i munnen og som sklei gjennombarneåra utan å pådra seg eit einaste sår, og som seinare vart radikale studentar og akademikarar. I tiår etter tiår har dei sete i maktposisjonane sine og presentert sin versjon av 60- og 70-åra, og det er dette mamma ser for seg. Sjølv om ho ho voks opp i vesle Namsos og sannsynlegvis ikkje har sett ein hippie i heile sitt liv, sjølv om ho aldri har gått i demonstrasjonstog, og sjølv om det nærmaste ho har vore utdanning, er å ligge med en usympatisk lærarvikar vi hadde på Namsos ungdomsskole i første halvdel av 80-talet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

bandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg G