2019
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Romanen er fletta saman av fleire ulike historier. Dei handlar om menneske som alle speler roller som bipersonar i kvarandre sine liv: Thomas Isaksen er bluesmusikar og lever i musikken. Den eldste sonen hans, Kjell, er ein gut som veit at faren vil stifte familie med ein ny kvinne. Svigerfar hans, Marselius, er ein sta og innbitt gammal opprørar som lir under skuldkjensle for sine eigne svik. Bror til Thomas, Ivar, er bonde og djupt kristen, og freistar å mekle i konfliktane i sin eigen familie. Og Peter, den andre sonen til Thomas, forsøker å få livet sitt på rett kjøl igjen. Og ikkje minst treff vi Arnt, forfattaren som strever med å skrive ein roman om slike spørsmål som desse personane strir med.
Omtale fra forlaget
Etter den mykje omtala og prisbelønte debuten med Skråninga i 2001 er Carl Frode Tiller tilbake med ein roman der han både utvidar og bekreftar sin posisjon som ein ambisiøs forfattar. I Bipersonar møter vi menneske som lever liv som grensar opp til kvarandre, men der kvart liv samstundes er ei eiga, lukka verd. Guten Kjell stikk når far hans, Thomas, har truffe ei ny kvinne. Thomas sin bror lever i spenningsfeltet mellom to dominerande kvinner, og Kjell sin halvbror lever på kanten av lova. Til slut blir vi kjende med forfattaren Arnt, som ein kveld får besøk av Thomas, ein av bipersonane i den romanen han skriv på . Bipersonar handlar om vilkåra for å kunne leve seg inn i andre menneskes verd, og vi følgjer den innfløkte veven som liva deira utgjer.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788203187148
EAN 9788203187148
Språk Nynorsk
Sider 331
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
"Bipersonar", Carl Frode Tiller
Herre min skapar kor eg gler meg til hausten, for då kjem skaparen av denne boka ut med Innsirkling 3. Denne boka er også bygd litt på, eller i vert fall forska litt rundt, same måten å tilnærme seg persongalleriet og ei historie på, som han gjer i Innsirklingsbøkene; han skriv kapittel for kapittel i forskjellige perspektiv. Skildrar personar, miljø, utfordringer og konflikter. Masse utfordringer og store konflikter. Han skildrer usikkerhet og overfølsomhet so ein skulle tru han var i slekt med Agnar Mykle. I denne boka er det tydeleg at han forskar i oppbygging og skrivestil, og han kommuniserer utruleg godt med lesaren ved å skrive inn en fyr som viser seg å være forfattaren av denne boka, kor han fortel og drøser litt rundt både livet og boka.
Fantastisk, sjøl om nokre kapittel var noko kjedeligare enn andre. Men sånn er det med både meg, deg og andre bipersoner; vi er ikkje like spanande.
For Gud skal vite at det ikkje er lett å bu i lag med ei som meiner å ha fått tildelt livet i straff.
At drømmekvinna hadde vore flinkare enn meg til å spele femkort, danse vals eller strikke, som jo alle er evner eg som mann ikkje tillegg nemneverdig status, ville eg naturlegvis ikkje ha hatt noko imot, det ville tvert imot ha vore berre sjarmerande, og dessutan eit godt utgangspunkt for å kunne le av meg sjølv, og på den måten demonstrere den sjølvironien som er nødvendig for å bli akseptert og likt, for ikkje å seie elska.
Har etterhvert blitt stadig mer glad i å lese bøker skrevet på nynorsk. Noen ganger fordi nynorsk kan føles nærmere min dialekt (trøndersk) enn bokmål, men aller oftest på grunn av at jeg rett og slett synes nynorsk er et nydelig og rikt skriftspråk. Setter også pris på mulighetene til dialektuttrykk nynorsken gir. Her er mine favoritter (i tilfeldig rekkefølge) så langt:
Her er det litt av hvert! Bøkene kommer litt hulter til bulter, og er ikke rangert. Det er vanskelig å gjenkalle i detalj hva som er årsaken til at jeg husker akkurat disse titlene som leseopplevelser utenom det vanlige. Det hadde absolutt vært plass til flere bøker på lista, og mange av titlene kunne utvilsomt vært bytta ut med andre, jeg ser blant annet at det er altfor få Dag Solstad-titler her. Dette er ikke et forsøk på å lage ei liste over tidenes beste bøker. Hadde jeg prøvd å lage ei slik liste, ville den sett annerledes ut.
født 4. januar 1970 i Namsos
Wikipedia
Priser
Tarjei Vesaas' debutantpris 2001, for Skråninga
Aschehougs debutantstipend 2001, for Skråninga
P2-lytternes romanpris 2001, for Skråninga
Sunnmørsprisen 2001, for Skråninga
Bjørnsonstipendet 2004, for Bipersonar
Mads Wiel Nygaards legat 2007
Brageprisen 2007, for Innsirkling
Kritikerprisen 2008, for Innsirkling
Sult-prisen 2008, for Innsirkling
EUs litteraturpris 2009, for Innsirkling
Liv Ullmann-prisen 2011, for «sitt forfatterskap»
Nord-Trøndelag fylkes kulturpris, 2011[2]