Eg samlar på utgåver av Homer. Det er interessant å samanlikne ulike omsettingar og gjendiktingar!
Tospråkleg utgåve (gresk med prosaomsetting til engelsk) av fyrste halvdelen av Iliaden.
Tospråkleg utgåve (gresk med prosaomsetting til engelsk) av andre halvdelen av Iliaden.
Ein grundig gjennomgang av fyrste songen i Iliaden med kommentarar - dessverre ikkje utan feil, meiner kompetente danskar.
Eirik Vanviks glitrande gjendikting, men ikkje heilt lytefri, for han bruker for mange ord på linjene for å få det greske versemålet til å gå opp.
Kjell Arild Pollestad har brukt prosa i omsettinga si av Odysseen. Kanskje like greitt, for det er vanskeleg arbeid å gjendikte Homer ...
Tospråkleg utgåve (gresk med prosaomsetting til engelsk) av fyrste halvdelen av Odysseen.
Tospråkleg utgåve (gresk med prosaomsetting til engelsk) av andre halvdelen av Odysseen.
Gresk tekst med ein del interessante kommentarar på engelsk. Kan fungere litt som lærebok i homerisk gresk.
Gresk tekst med svært gode og nyttige kommentarar på engelsk.
Arne Garborg gjendikta, ved hjelp av greskfilologen P.O. Schjøtt, Odysseen til norsk, og eg fann boka i eit antikvariat til ein latterleg låg pris. Litt for lange linjer, men herleg å lese.
P. Østbyes klassiske gjendikting til riksmål, noko romantisk i språkdrakta, men for det aller meste svært presis attgiving av Homer. Christen Collin skreiv at dette var betre enn originalen, men det skal nok meir til for å overgå Homer ...
Ståle Bjørnhaug les P. Østbyes gjendikting til riksmål. Dessverre har han av og til problem med tonelaget - i ei elles praktfull opplesing.
Gjendikting til engelsk. Gleder meg til å lese denne!
Otto Steen Due les utdrag frå gjendiktinga si av Odysseen til eit moderne dansk. Han legg tydelegvis vekt på å unngå den vekslinga mellom tunge og lette stavingar som vi germanarar bruker for å komme nærmast mogleg den greske vekslinga mellom lange og korte stavingar. Resultatet blir litt for prosaisk, men for eit språk!