Bloggernes og bokelskernes kvinnekanon
- listen over bøker av og om kvinner alle menn burde lese.

Hos Karen


Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Har prøvd og prøvd, men eg greier ikkje å kjenne eit einaste stikk av dårleg samvit over at eg ikkje har lest meir enn ei av desse. Men eg er litt nyfiken på kvifor eg som mann bør lese nettopp desse bøkene? (Sikkert gode bøker alle saman, men det er mange av dei eg ikkje kan hugse å ha høyrt om før)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Listen er ment som et motsvar på GQ's (opprinnelig Gentlemen's Quarterly) liste "The New Canon: The 21 Books from the 21st Century Every Man Should Read” som inneholder kun tre bøker skrevet av kvinner. Men ellers er bøkene såpass gode at de bør leses av alle (skjønt; selv har jeg foreløbig kun lest en av dem).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

OK, då er eg litt meir med.

For å gjere det lettare for andre som eventuelt måtte finne på å følge denne tråden:
Her er bokblogg-innlegget der det blei tatt initiativ til ein kvinnekanon.
Her er det opphavelege motsvaret til GQ sin liste, laga av Emily Temple ved kulturnettstaden Flavorwire, og som har tent som inspirasjon til kvinnekanonen.
Her er den opphavelege lista frå GQ.

I og med at menn og kvinner i gjennomsnitt har litt ulike preferanser, så finn eg det ikkje spesielt underleg at kvinnelege forfattarar er underrepresentert i ei liste over bøker redaksjonen i eit magasin retta mot menn meiner at menn burde få med seg. Så kan ein alltids diskutere kor stor underrepresentasjon det burde vere rimeleg å vente.

Eg meiner også at bokbloggeren ForfatterFruen, som tok initiativet til kvinnekanonen, har eit poeng i at det å lese bøker skrive av kvinner om kvinner er eit godt tiltak for menn som ynskjer å forstå kvinner betre. No var det truleg ikkje dette som var målet med GQ sin liste, men like fullt er det flott at GQ-lista har inspirert til kvinnekanonen-lista.

Men eg klarer ikkje å unngå å henge meg opp i dei stereotype framstillingane frå Temple om at menn ikkje les bøker av og om damer, og i tesen som ForfatterFruen legg fram om at kvinner forstår menn betre enn menn forstår kvinner. Det blir omlag like feil som om eg skulle hevde at Temple og ForfatterFruen er dårlege i matematikk fordi dei er kvinner (sjølv om ingen av dei klarte å telle at der er FIRE, ikkje TRE, kvinnelege forfattarar i GQ sin liste (sorry, det var eit billig poeng men eg greidde ikkje å la vere ...))

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fint at du har tatt med linkene!
Jeg er enig i mye av det du skriver - og det er mye en kan ta opp til diskusjon når det gjelder hvilke preferanser kvinner og menn har, og årsakene til dette. Likevel, det er en kjent sak at menn leser helst menn, og kvinner leser like gjerne begge. Av den grunn vil det være nødvendig å løfte flere kvinnelige forfattere frem i lyset slik at de kan bli lest av flere, og da er kvinnekanonen ideell.

Nå måtte jeg inn og telle, og jammen er det fire! Positivt :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa