The Phantom of the Opera

av (forfatter), Ralph Cosham (narrator) og Inc. Blackstone Audio (publisher).

Blackstone Audio, Inc. 2004 Audible Audio Edition

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Jostein Røysets eksemplar av The Phantom of the Opera

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Lydbøker

Lesedato

2017

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Forlag Blackstone Audio, Inc.

Utgivelsesår 2004

Format Audible Audio Edition

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Det spøker på operaen i Paris. Dei nye direktørane ved etablisemmentet trur ikkje heilt på det, og spesielt ikkje når spøkelset kjem med ganske store pengekrav og set diverse andre vilkår for å la vere å ruinere operaen. Dei trur det er nokon som held ap med dei og freister å avsløre kven det er som stend bak, utan hell. Men dei som har jobba ved operaen i nokre år veit betre, dei er overtydde om at det verkeleg er eit spøkelse på ferde.

Dette er berre eit lite sidespor av handlinga. Hovuddelen handlar om den vene svenske sangerinna Christine Daae og trekantdramaet med dei to mennene som forelskar seg i henne, vicomte («visegreve») Raoul de Chagny, og – tadam! – operaspøkelset.

Tonen i forteljinga er på den eine sida mørk og mystisk men der er også gode prosjonar med humor innimellom. Handlinga gjeng føre seg i operabygget Palais Garnier. Der er mange flotte skildringar frå bygninga, sjølv likte eg spesielt godt ei scene ved Apollo-statua på taket.

skriv bildebeskrivelse her

Eg kan likevel ikkje forstå anna enn at forfattaren må ha dimensjonert opp bygget ein del i forteljinga si. Med alle lønngangane og andre rom som etterkvart blir omtalt i handlinga kan det ikkje vere att særleg med plass til å halde operaframsyning i. Men det er ikkje så farleg,

Der er andre aspekt ved forteljinga som skurrar litt meir for meg. Når eg gir meg til å dvele ved truverdigheita i premissane for ei forteljing, så ramlar begeistringa mi for den med eit par hakk. Derfor blir det berre eit litt over middels terningkast frå meg. Dei fleste kjenner nok til at boka er blitt omarbeidd til ei populær musikkspel-framsyning. Sjølv sat eg og tenkte på at handlinga hadde gjort seg veldig godt som teiknefilm a la Hayao Miyazaki sine fantastiske meisterverk. Men det finnest alt så mange filmversjonar av forteljinga at det er ikkje sikkert at det er vits i å lage fleire.

Boka høyrde eg forøvrig som lydbok frå Loyalbooks. Opplesaren greidde seg stort sett bra, sjølv om det svikta litt med uttalen av namn. Men når lydboka er gratis tilgjengeleg så blir det for dumt å klage.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

he had loved an angel and now he despised a woman!

(Chapter VIII)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Mauclair! Poor devil! He is dead!"

But Mr. Commissary Mifroid, whom nothing surprised, was stooping over that big body.

"No," he said, "he is dead-drunk, which is not quite the same thing."

(Chapter XX)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket