Leite Derramado

av (forfatter).

Companhia das Letras Paperback

Gjennomsnittlig terningkast: 6.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Se på denne utgaven hos amazon.com

Jostein Røysets eksemplar av Leite Derramado

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Eiga bok, lest 2013

Lesedato

2013

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Bokdetaljer

Forlag Companhia das Letras

Format Paperback

ISBN13 9788535914115

Språk French

Sider 200

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 0 0 0 0 0

Bokomtaler

Dette er forteljarkunst på høgt nivå. Chico Buarque er mest kjend som musikar, komponist og sangar, og kanskje er det nettopp denne ballasten som gjer at han skriv så flott ei bok? Melankolsk som ein bossa-nova, trist som ein moll-stemt samba, ei slektshistorie gjennom fleire århundre og ei historie om Rio de Janeiro, men først og fremst ei historie om kjærleik og sakn, og der delane av eit puslespel berre delvis blir pusla saman før boka er ferdig. Og det er slett ikkje sikkert at alle bitane har havna på rett plass.

Eulálio er 100 år, er innlagd på eit tredjerangs sjukehus, og fortel til alle som orkar å høyre på historia om slekta si og seg sjølv. Ikkje kronologisk, men i den rekkefølga minna dukker opp, og ikkje alle minna dukker opp der dei høyrer heime. Som einaste sonen i ei rik og mektig familie legg han ut på ei omvendt klassereise gjennom 1900-talet, der han til slutt ender opp i djup fattigdom. Tittelen «Leite derramado», spilt mjølk, viser til korleis han og etterkomarane skusla bort formua på ulike måtar. Men tittlen viser også til ei spesifikk hending med den store kjærleiken Matilde, den livlege ungjenta som elska å kle seg i oransje kjolar (fargen på bokomslaget er nok ikkje tilfeldig valgt) , og som brått forsvinn.

Måten forteljinga åpenberrer seg på er berre heilt fantastisk. Små og store brotstykke frå sitt eige, forfedrene eller etterkomarane sine liv, i ulogisk rekkefølge, av og til blir brotstykket repetert men med eit litt anna innhald, og av og til er det rett og slett feberfantasiar der fleire hendingar blir sausa saman med fri fantasi. Heile tida i form av monologar til sjukesøstre (som han stendig frir til), leger, portørar, slektningar på besøk eller berre rett og slett til taklampa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Sovemedisinen gjev ingen umiddelbar effekt lenger, og eg veit no at vegen mot svevnen er som ein korridor full av tankar.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Med tida har eg lært at sjalusien er ei kjensle ein lyt proklamere åpenhjartig, i same augneblinken som den gir seg til kjenne. For når sjalusien skyt knopp er denne kjensla verkeleg ei gåve, som bør bydast fram for kvinna som om det var ei rose. Dersom ein ikkje gjer dette straks, vil den late seg att som eit hovudkål der allslags ilske råtnar og gjærar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.

Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.

Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).


Godt sagt! (3) Varsle Svar