Eg lærer mor mi å føde

dikt

av (forfatter), Camara Lundestad Joof (oversetter) og Kristina Leganger Iversen (oversetter).

Samlaget 2020 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.40 (5 terningkast.)

20 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

ellie d.s eksemplar av Eg lærer mor mi å føde - dikt

Lesetilstand

Ingen lesetilstand

Hylle

bøker lest i 2020

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Krigens brutalitet i rå kjensler. Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten. Kroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk.

Omtale fra forlaget

Krigens brutalitet i rå kjensler.

Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016.

Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten.

Kroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk.

Gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2020

Format Heftet

ISBN13 9788234000942

EAN 9788234000942

Språk Nynorsk

Sider 49

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 3 1 1 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

FUGLAR

Sofia nytta dueblod på bryllaupsnatta.
Dagen etter fortalde ho meg på telefonen
korleis ektemannen smilte då han såg lakena,

at han løfta dei opp under nasen,
lukka auga og drog tunga over flekken.
Ho apte etter barytonen hans, korleis han kviskra

namnet hennar - Sofia,
rein, kysk, urørt.
Vi fniste over telefonknitringa.

Etter at han hadde lovprist henne, smilte ho, ruska han i håret,
førestilte seg mor hans der heime, toge
gjennom byen med desse sirenelakena,

vinke til balkongar, med overkroppen struttande av stoltheit,
armane kjøtfulle venger bundne til kroppen,
utan å vite at dei kunne ha floge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

DET MOR DI FORTALDE DEG ETTER AT FAR DIN DROG

Eg trygla han ikkje om å bli
fordi eg trygla Gud
om at han ikkje ville dra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

FØRSTE GONG MOR DI BLEI KYST

Den første guten som kyste mord di, valdtok kvinner
då krigen braut ut. Ho hugsar at då ho høyrde dette
frå onkelen din, gjekk ho til soverommet ditt og la seg
på golvet. Du var på skulen.

Mor di var seksten første gong han kyste henne.
Ho heldt pusten så lenge at ho svima av.
Då ho vakna, oppdaga ho at kjolen var våt og klistra seg
til magen, med halvmånar bitne inn i låra hennar.

Den same kvelden vitja ho ei venninne, ei jente
som gjæra vin ulovleg på soverommet sitt.
Då mor di tilstod: Eg er aldri blitt tatt på
på den måten før
, lo venninna, munnen blodraud av druer,
og skaut ei hand ned mellom beina hennar.

Førre veke såg ho han køyre buss nummer 18,
kinnet hans ein opphovna morene, som villvin drog eit arr seg
over munnen hans. Du var saman med henne, heldt ein pose
dadlar mot brystet, høyrde henne sleppe ut eit djupt stønn
då ho såg kor lik du var han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

HENDENE TIL BESTEFAR

Hendene til bestefar din var brune.
Bestemor di kyste kvar knoke,

ringa inn ei øy i handflata hans
og fortalde han kva område dei skulle dele,
kva delar dei ville la vere i fred.

Ho fukta ein finger for å teikne kvar havet ville vere
på handleddet hans, kyste han der,
kalla havet opp etter seg sjølv.

Hendene til bestefar din var langsame, men innstendige.
Bestemor di drøymde dei,

eit urverk av fingrar som fann stader å eige -
under tunga, kragebeinet, underleppa,
kvelven under foten.

Bestemor di gir fingrane hans namn etter årstidene -
peikefingeren, ei hetebølgje,
langfingeren, regnskur.

Nokre netter er tommelen hans månen,
lagd til kvile rett under ribbeinet hennar.

Besteforeldra dine enda ofte
i mørke rom, der dei kartla
kroppen til kvarandre,

gjorde krav på heile land
med munnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DÅ DU BLEI SKAPT

Natta etter det hemmelege bryllaupet vårt,
då han heldt meg i munnen sin som eit løfte
heilt til tunga hans trøytna og sovna,
låg eg vaken for å halde minnet i live.

Om morgonen tigga eg han tilbake til senga.
For seint ute kyste han anklane mine og drog.
Som ein løyndom blei eg verande i senga hans i dagevis
heilt til mor hans fann meg.

Eg synte henne gullringen min,
eg stod framfor henne naken,
vifta hendene mine i ansiktet hennar.
Ho seig ned på golvet og gret.

I gravferda hans kjente ingen namnet mitt.
Eg sat bak tantene hans,
dei saug på dadlar bløytte i olje.
Det siste han smakte, var meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Himlene glitrer - dikt" av Mona Høvring
  • "Spredte døtre" av Helene Imislund
  • "Poesibok" av Naja Marie Aidt
  • "Natthimmel med kulehòl" av Ocean Vuong
  • "Kuk og hjarta" av Heidi-Anett Haugen
  • "Det gule bladet, den svarte pupillen - dikt" av Katrine Heiberg
  • "Medborgar - eit amerikansk dikt" av Claudia Rankine
  • "Høgfjellsmeldinga - roman" av Guri Sørumgård Botheim
  • "Det enkle og det einsame" av Asta Olivia Nordenhof
  • "Glass, ironi og Gud" av Anne Carson
  • "Om nettene brukar mor dråpeteljar - dikt" av Svanhild Amdal Telnes
  • "Sikade" av Shaun Tan
Alle bokanbefalinger for dette verket