Søk i diskusjoner, lister og sitater:

Viser 1 til 4 av 4 treff på Leseplan for Charles Dickens.

Som vi vart einige om her, bruker vi planen nedanfor som utgangspunkt, men i individuelt tempo og ut frå dei bøkene som kvar av oss kjem til å lese (og dermed er krava for å bli med oppfylt!). Plan for arrangement i Storbritannia ligg her.

Biografi

Peter Ackroyd: Dickens (35 kap. og etterskrift)Diskusjonstråd

Romanar og forteljingar

Diskusjonstråd for The Posthumous Papers of the Pickwick Club (1836–1837)
(57 kap.) Ferdig 30.9.2011

Diskusjonstråd for Sketches by Boz (1837–1839)
Ferdig 1.4.2015

Diskusjonstråd for Oliver Twist (1837–1838)
(53 kap.) Ferdig 31.10.2011

Diskusjonstråd for Nicholas Nickleby (1838–1839)
(65 kap.) Ferdig 30.11.2011

Diskusjonstråd for The Old Curiosity Shop (1840–1841)
(73 kap.) Ferdig 1.2.2012

Diskusjonstråd for Barnaby Rudge (1840–1841)
(81 kap.) Ferdig 20.3.2012

Diskusjonstråd for A Christmas Carol (1843)
(5 kap.) Ferdig 2.1.2012

Diskusjonstråd for Martin Chuzzlewit (1843–1844)
(54 kap.) Ferdig 1.5.2012

Diskusjonstråd for Dombey and Son (1847–1848)
(62 kap.) Ferdig 30.9.2012

Diskusjonstråd for David Copperfield (1849–1850)
(64 kap.) Ferdig 30.8.2012

Diskusjonstråd for Bleak House (1853)
(65 kap.) Ferdig 10.12.2012

Diskusjonstråd for Hard Times (1854)
(37 kap.) Ferdig 10.1.2013

Diskusjonstråd for Little Dorrit (1857)
(70 kap.) Ferdig 20.3.2013

Diskusjonstråd for A Tale of Two Cities (1859)
(45 kap.) Ferdig 30.4.2013

Diskusjonstråd for Great Expectations (1861)
(57 kap.) Ferdig 5.6.2013

Diskusjonstråd for Our Mutual Friend (1865)
(68 kap.) Ferdig 1.10.2014

Diskusjonstråd for The Mystery of Edwin Drood (1870, ufullført)
(22 kap.) Ferdig 7.8.2015

Diskusjonstråd for "Selected Short Fiction"
(33 enkelttekster) Ferdig 1.12.2015

Godt sagt! (10) Varsle Svar
Godt sagt! (9) Varsle Svar

Her finn du verka til Dickens med fine kommentarar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Leseplan for utvalde verk av og om Charles Dickens

Eg kunne tenkje meg både å lese om Dickens, lese opp att dei åtte verka som eg har lese før og berre (!) lese verk eg ikkje har fått sett meg ned med. Når det gjeld organisering av diskusjonen, har eg sans for både “kjell k-metoden”) og “annelingua-metoden” – og kjem derfor med framlegg om ein kombinasjon:

• Vi kunne lese eitt eller to verk etter “annelingua-metoden”, slik ein del av oss les Don Quijote, altså ved å ha ei “lekse” til kvar sundag. For at dette ikkje skal opplevast som stress, kunne vi kanskje, lage ein plan med eitt kapittel til kvar sundag? Dette ville i så fall gå over litt over eit år, med start før dickensåret 2012 og avslutning litt etter dickensåret 2012. Men kunne vi ta eitt verk til etter denne metoden? David Copperfield? Bleak House? Eller …? • Dei andre kunne vi lese slik kjell k har organisert lesinga av Ibsens samla verk, altså ikkje med ein heilt fast plan, men med lenkjer til kvart enkelt verk – så kunne kvar enkelt av oss nyte dei verka som ho eller han vil konsentrere seg om og leggje inn kommentar når det passar?

Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt å velje språk å lese Dickens på; kapittelinndelinga er vel den same uansett. A Christmas Carol burde vi jo ta i jula – eller moralsk sett: før jul?

“Something will turn up!”

Biografi

Eg har alt begynt å varme opp med biografien som Peter Ackroyd har skrive, Dickens (35 kap. og etterskrift). Dei som vil følgje med har kommentarar og/eller gode sitat, kan jo berre skrive dei inn her

Romanar og forteljingar

The Posthumous Papers of the Pickwick Club

(1836–1837) (57 kap.)

Oliver Twist (1837–1838) (53 kap.)

Nicholas Nickleby (1838–1839) (65 kap.)

The Old Curiosity Shop (1840–1841) (73 kap.)

Barnaby Rudge (1840–1841) (81 kap.)

A Christmas Carol (1843) (5 kap.)

Martin Chuzzlewit (1843–1844) (54 kap.)

Dombey and Son (1847–1848) (62 kap.)

David Copperfield (1849–1850) (64 kap.)

Bleak House (1853) (65 kap.)

Hard Times (1854) (37 kap.)

Little Dorrit (1857) (70 kap.)

A Tale of Two Cities (1859) (45 kap.)

Great Expectations (1861) (57 kap.)

Our Mutual Friend (1865) (68 kap.)

The Mystery of Edwin Drood (1870, ufullført) (22 kap.)

Dette skulle tilseie i overkant av ni hundre kapittel med rubbel og bit, som Richard Herrmann ville ha sagt, altså om vi reknar med biografien og forord og slikt. Ingenting for ein bokelskar, eigentleg, men litt i overkant innanfor 2012, kanskje. Så eg har tenkt å starte rundt 1. september med skjønnlitteraturen, og om eg les i gjennomsnitt to kapittel om dagen, blir eg ferdig (i denne omgang) på vårparten 2013, om eg ikkje har rekna heilt feil. Der Lillebjørn Nilsen løyser kryssord med kulepenn, trur denne optimisten her at døgnet blir utvida med ein time straks han får ei ny bok i huset.

Aller fyrst vil eg altså høre synspunkt på organiseringa og kor mykje vi skal lese etter annelingua-metoden (med “lekse” frå sundag til sundag).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolIngvild SStig TPiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer Lund