Eg er ein annan

roman

av (forfatter).

Samlaget 2020 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.42 (45 terningkast.)

111 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

brit skotheims eksemplar av Eg er ein annan - roman

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Norge

Lesedato

2021

2021

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Andre bok i «Septologien»

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.

I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.

«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Nominasjonar og prisar til Septologien:

Det andre namnet:

Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019

Eg er ein annan:

Langlista til Dublin Literary Award 2021
Nominert til Kritikarprisen 2020

Eit nytt namn:

Langlista til Dublin Literary Award 2022
Kortlista til The international Booker Prize 2022
Finalist til National Book Award 2022
Kritikarprisen 2021
Brageprisen 2021

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2020

Format Innbundet

ISBN13 9788252196191

EAN 9788252196191

Serie Septologien (III-V)

Omtalt sted Hordaland

Språk Nynorsk

Sider 405

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

23 19 2 1 0 0

Bokomtaler

Som i den første boken er det den indre dialogen som driver boken fremover. Det er beroligende og vakkert.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hypnotiserande suggererande språk som driv meg som lesar frå side til side. Det er meir handling i dette andre bandet enn i det første gjennom tilbakeblikka mot Asle si barne- og ungdomstid. Tilbakeblikka gjev òg meir meining til noko av det som hender i notid og i band 1. Så kan ein framleis lure på kvifor ulike personar skal ha same namn, likne så mykje på kvarandre av utsjånad og ha like eigenskapar og bakgrunn, slik som dei to som heiter Asle og dei to som heiter Guro. Ligg det noko i tittelen på dette bandet: Eg er ein annan?

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ok, begynner å venne meg til skrivemåten, men synes fortsatt det går for tregt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Og eg tenkjer at inne i alle menneske er det ei djup lengsle, for alltid lengtar vi etter noko, og vi trur at det er det eine eller det andre, det eller det, den tingen eller den tingen, men eigentleg lengtar vi etter gud, for mennesket er heile tida ei bøn, gjennom si lengsle er mennesket ei bøn

Godt sagt! (4) Varsle Svar

og så ser eg mot Brage som står og ser på meg med hundeaugo sine og eg tenkjer at hundar dei skjønar så mykje, men dei kan ikkje seia noko om det, eller dei kan seia det med hundeaugo sine, og slik liknar dei på den gode kunsten, for han kan heller ikkje seia noko, ikkje i eigentleg tyding, han kan berre seia noko anna og teia om det han eigentleg vil seia, og slik er kunsten og trua og hundens tause skjønsemd som eitt og det same

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

En oversikt over leste bøker i 2020.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Eit nytt namn - roman" av Jon Fosse
  • "Det andre namnet - roman" av Jon Fosse
  • "Melancholia 2 - roman" av Jon Fosse
  • "Melancholia 1 - roman" av Jon Fosse
  • "Jeg føler meg uvel - en roman om døden" av Ole Robert Sunde
  • "Kvitleik - forteljing" av Jon Fosse
  • "En sommer med Proust" av Laura El Makki
  • "Oskespiralen - roman" av Leander Djønne
  • "Skammen" av Annie Ernaux
  • "Alice B. Toklas' sjølvbiografi" av Gertrude Stein
  • "Kolbeinsøy" av Bergsveinn Birgisson
  • "Jeg er fortsatt her inne i mørket" av Annie Ernaux
Alle bokanbefalinger for dette verket