Kongens fald. Kåra til Danmarks beste bok, liksom. Meir trøyttande skal ein leite lenge etter.
Franzen si Freedom. Eg klarte faktisk ikkje å fullføre, sjølv om eg prøvde. Har omlag hundre sider igjen, og det freister på ingen måte å plukke den opp att.
Eg klarte å fullføre Shantaram, og eg er glad eg gjorde det, men eg fekk dårleg samvit kvar gong eg tilrådde den i bokhandelen i vekene etterpå. Den er langdryg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hans Olav Brænner sin Om å skrive er veldig fin. Han intervjuar forfattarar, som får fortelja om korleis dei arbeidar, kva teknikkar dei sjølv brukar, osv. Den er veldig fin dersom du vil senka skuldrene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Åh, dette var ein fin tråd!

Murakami si 1Q84, den altså, den boka imponerte meg og rørte meg, både i 2011 og i år.
Marta Norheim si Røff guide til samtidslitteraturen sette eg stor pris på, og den går djupare enn det den kanskje var tenkt til. Det var nokre riktig gode gullkorn der eg sat og grunna lenge over, på eit meir filosofisk plan enn litterært, kan hende.
Eg lo høgt og lenge av Arnfinn Kolerud sin Kom ikkje inn i mitt hus, og gler meg allereie til ferda vidare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundStig TReidun Anette AugustinAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleser