Det er sjeldan eg har blitt så oppslukt av ein roman som eg blei av Egypteren Sinuhe. Eg har personleg aldri klart å finna eit betre kriterium for kva eg synest er god litteratur enn at det er litteratur som fenger meg medan eg les, og som blir lenge i tankane mine etterpå. Så sjølv om eg har nok å innvenda mot denne boka, går ho likevel rett opp på favorittlista mi. Les resten av omtalen på Bjørkhaug bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Les omtalen min av denne boka (og resten av serien) på bloggen min, Bjørkhaug bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Underland av Robert McFarlane er ei essaysamling, der kvart kapittel tar for seg eit underjordisk reisemål. Forfattaren si reiseskildring blir vevd saman med presentasjonar av ulike vitskaplege oppdagingar og litterære og filosofiske spekulasjonar. Les resten av bokmeldinga på Bjoerkhaug bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den originale Star Wars-trilogien, 1977-1983, var ein gullalder; Star Wars-antikken. Så kom renessansen, i form av prequel-trilogien, 1999-2005; Teknisk nyskapande, men tilbakeskodande. I moderne tid har me òg fått ein oppfølgar-trilogi, 2015-2019. Mindre kjent blant andre enn ihuga fans, er derimot boktrilogien av Timothy Zahn som kom ut i 1991-1993, den mørke mellomalderen i Star Wars-universet.

Les heile bokmeldinga på bjoerkhaug.fludal.no

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spennande premiss, men altfor tørr prosa. Minnar meg om Olaf Stapledon, på godt og vondt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei grei oppsummering.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

E. O. Wilson er kanskje den fremste eksperten i verda på maur. Han er ikkje ein ekspert på å skriva romanar. Så vidt eg veit er Anthill den einaste skjønnlitterære boka i hans omfattande bibliografi. Det er no likevel min lesefilosofi at ein ikkje kan leva berre på klassikarar og kritikarroste bestseljarar, av og til må ein lesa noko litt utanfor allfarveg. Og dermed gav eg meg i kast med denne forteljinga frå sosibiologiens far.

Boka er ein oppvekstroman om Raphael Semmes Cody, ein intelligent gut frå Alabama med ei overklassemor og ein arbeidarklassefar. Raff, som han blir kalla, har ein stor interesse for natur og dyreliv, særleg maur. Dette blir møtt med lite forståing frå familien hans, som er meir opptatte av status, rikdom, Gud og våpen. Etter kvart får Raff greie på at villmarka der han lærte å elska naturen er truga av eigedomsutviklarar, og set det som sitt mål å verna dette området og andre liknande stadar.

Anthill er ikkje ei velskriven bok. Ikkje berre får du kjensla av å lesa ein roman av nokon som ikkje har særleg erfaring med å skriva skjønnlitteratur, du får i grunn kjensla av å lesa ein roman av nokon som ikkje har særleg erfaring med å lesa skjønnlitteratur. Boka manglar totalt struktur. Den første tredjedelen er for det meste heilt overflødig, og førespeglar ikkje konfliktane som blir sentrale seinare i boka. Og det dramatiske høgdepunktet i boka spring ut frå ein konflikt som knapt ein gong er hinta til før det knapt er ein sjettedel igjen av boka! Språket er tørt, og personane forblir like livlause samme kor mange tilfeldige biografiske detaljer forfattaren pøser på med. Forteljaren i romanen er ein av venn av Semmes-familien, ein aldrande universitetsprofessor, men dette forteljargrepet blir aldri særleg godt grunngitt, og når boka kjem til sin andre halvdel virker det eigentleg som om forfattaren har gløymt det ut.

Det er tydeleg at E. O. Wilson har skrive ei bok om det som interesserer han. I løpet av forteljinga hoppar det litt frå emne til emne: Litt sørstatshistorie her, ein god porsjon maur der, litt religion og politikk her, litt speidarrørsle der. Eit motiv i boka er eit forsøk på samanlikning av maursamfunnet med menneskesamfunnet. Dette er tidvis vellykka, sjølv om både antropomorfiseringa av maurene og biologiseringa av menneska blir omtrent like komisk. Forfattaren ser at samanlikninga har sine grenser, og trekker ho dermed heller ikkje så langt. Ellers er vel det mest interessante med boka den miljøvernsfilosofien som kjem til uttrykk, som kanskje er litt vel passiv og konservativ for min smak, prega som han er av pragmatisme og konfliktaversjon.

Dette er heilt tydeleg ei bok han har skrive for seg sjølv, for å prøva noko nytt. Det liker eg. Men resultatet er ikkje stort å skryta av. Dei beste delane av boka er dei som handlar om maur, hovudemnet for resten av forfattarskapet hans.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trøyttande og lite overtydande lesnad, stappfull av uklare teoretiske samanhengar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

♪ Mykji lukt og mystisk handling
i romanen til Mads Rage
Mange sjuke, dårlig stemning
e æ redd førr at det blir ♫

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fin populærvitskapleg bok innan den sjangeren som ein kan kalla «romantisk vitskap», eit omgrep forfattaren sjølv nyttar. Gjennom boka blir me kjente med ein rekke personar med svært uvanlege hjernar, som på kvar sitt vis opplever verda på ein heilt unik måte. Boka presenterer mange spennande idear frå moderne nevrovitskap, men går ikkje spesielt i djupt inn i det medisinske. Fokuset er heller på å bli kjent med personane bak case-studiene, og er på den måten veldig subjektiv. Boka er underhaldande, men knapp. Til interesserte vil eg òg tilrå Luke Dittrichs Patient H.M.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit ordentleg eventyr, dette her. Unge John Saturnall og mora blir drivne frå heimstaden av ein fanatisk folkeforførar som skuldar dei for hekseri. Mora byrjar å innvia John i eldgamle løyndommar frå dalen dei kallar heimen sin, om hagar og urter, heidenskap og kristendom. Men ho døyr snart, og unge John hamnar i teneste som kjøkkengut på godset til ein rik adelsmann i dalen. Derfrå jobbar han seg opp i gradene, godt hjelpt av sin uvanlege luktesans. Livet på godset blir skildra frå kjøkkenet, med sterke lukter og brennande varme, kameratsleg samhald og bitande sjalusi.

Det er ei svært underhaldande bok. Skildringane av kokkekunst på 1600-talet er fargerike og levande, og historia er lenge spennande. Vegen frå oppvaskhjelp til meisterkokk blir likevel noko for kort og friksjonsfri. Dei seinare aktene, som handlar om Johns romanse med den spisevegrande dottera på godset, blir heller aldri så gripande som forfattaren har meint dei. Ellers var det mange av dei meir lidenskaplege episodane utover i boka som var relativt klønete og ubehagelege lesnad – mat og erotikk er sanseverder som etter min smak går saman litt som olje og vatn. Og etter at den engelske borgarkrigen bryt inn i fortellinga som eit dramatisk vendepunkt, føles resten av handlinga noko forhasta, med såpass mange lause trådar at eg mistenker at forfattaren eigentleg hadde planlagt ei meir omfattande bok som har blitt skore ned etter kvart.

Alt i alt kan eg tilrå John Saturnall's Feast til alle med interesse for historiske romanar og/eller arkaisk kokkekunst. For nykommarar til Lawrence Norfolks forfattarskap, kan eg tilrå den meir krevjande og postmoderne, men òg meir givande romanen Lemprière's Dictionary.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei huff, dette var grimt

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei veldig lang bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan henda den norske omsetjinga, av Leo Strøm, har blitt noko bortgøymd og gløymd sidan ho kom ut i 1953. Eksemplaret eg las har eg på fjernlån frå folkebiblioteket i Odda, som ser ut til å vera det einaste biblioteket som har ho. Den norske utgåva låg heller ikkje i registeret på nettsida her, så eg la ho inn sjølv. Ei god omsetjing, så vidt eg kan dømma.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei flott bok. Ei stund var det så eg nesten gløymde at det ikkje er keisar Hadrian sjølv som har skrive desse orda på sitt dødsleie, men ei fransk kvinne atten århundre seinare.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det manglande leddet mellom Thomas Pynchon og David Mitchell. Eg er frå meg av begeistring!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The Sheltering Sky var ei reise som eg ganske fort skjønte at eg ikkje hadde særleg lyst til å vera med på. Hadde eg berre hatt vett til å snu i tide!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei godt konstruert fantasyverd, men denne boka blei altfor tørr for meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudalpakkaHilde Merete GjessingConniePilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsensiljehusmorFindusChristoffer SmedaasAnn ChristinNina M. Haugan FinnsonBeathe SolbergJan Arne NygaardVannflaskeMarit HåverstadKirsten LundMonica CarlsenArne SjønnesenMartinReidun Svensli