Skodda lette endeleg litt utpå ettermiddagen, så då blei det helgestemning her også. Eg driv og les The Winter's Tale av Shakespeare, som inngang til gjenfortellinga av same historia i Et gap i tiden. Ved siden av så har eg starta på Verdensteater av Thomas Reinertsen Berg, eit historisk oversyn over kart. Den lovar bra så langt.

Ut over det så er planen å late meg i helga. Grundig.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Gjensidig inspirasjon då, dette var den vesle dytten eg trengde for å setje i gang med The Winter's Tale (ferdig med første akt) som førebuing til Et gap i tiden

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det vart ikkje slett så mykje einsam aldersom i Stoner som eg trudde det kom til å bli då eg starta på boka, Men på mange måtar virka jo mannen ganske einsam gjennom store delar av livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmm, skal tru om eg er i ferd med å ta mentalt skade av å gå som grasenkemann i fleire veker, når eg ser på kva eg har lest i det siste så er det foruroligande mange bøker om einsame godt vaksne menn; Vinter i Maine, The Old Man and the Sea, Homo Faber og no altså Stoner som eg starta på i går. Dvs i Stoner så startar jo historia med studietida til hovudpersonen, men innleiinga peiker mot at det kjem til å ende med alderdom i einsemd.

Får satse på noko meir lysteleg etter denne boka.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Kva med Trygve Gulbrandsen sin romantrilogi om Bjørndals-folket? Stort meir bygdete kan ein vel ikkje få det?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Halvårsoppdatering kan vere ei artig øving.
Sjølv så satte eg opp nokre nyttårsforsett ved årsskiftet, det kan vere nyttig å sjå korleis ein ligg an;

  • lese minst ei bok frå kvar verdsdel:
    Status: manglar Sør-Amerika, Oseania og Afrika
  • lese minst 2 bøker som er utgitt før 1800:
    Status: 0
  • lese minst 2 bøker som er nye av året:
    Status: 0
  • lese minst 6 bøker på engelsk:
    Status: 2
  • lese minst 3 bøker på portugisisk:
    Status: 0
  • lese bøker frå minst 2 nobelprisvinnarar som eg ikkje har lest noko av frå før:
    Status: 0
  • ha færre enn 75 uleste bøker i bokhylla ved slutten av året (97 pr 1. januar 2019):
    Status: 102, har altså kjøpt 5 fleire bøker enn eg har lest hittil i år

Dette betyr at eg godt kan vere litt meir medviten på målsetjingane for året dei komande månadane.

Beste boka eg har lest hittil i år, eller i det minste den som gjorde sterkast inntrykk på meg, var nok Vinter i Maine av Gerard Donovan.

For tida så kosentrerer eg meg med Kjærlighets veier, avslutninga på Falkberget sitt storverk om An-Magritt. Har kome godt over halvvegs no.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Stolpejakt var ukjent for meg, men no fann eg ut kva det er. Trur eg. Er det rett å seie at det er ein slags stikkut-tur med anstrøk av O-løp? For min del blir det for langt til nærmaste stolpe, det ser ut for å vere først og fremst ein austlandsaktivitet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når eg endeleg kom meg heim frå arbeid starta styrtregnet. Det ser ikkje ut for at det har tenkt å stoppe på ei stund. Då passar det bra å ha ei bok for handa. Eg held framleis på med Kjærlighets Veier av Johan Falkberget. Det tek meg nok minst ei veke til å kosentrere meg igjennom denne.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

"kosentrasjon" var sikkert ein skrivefeil, men det kom veldig heldig ut, for ordet passar perfekt til denne boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for at du fiksa helgetråd.

Helga har vært supertravel, men eg fekk tid til å fullføre lesesirkelboka The Old Man and the Sea. Etter 6 veker med uvanleg mykje jobbreiser så ser det ut for å roe seg litt no. Derfor har eg tatt fatt på ei bok som krev litt konsentrasjon og kanskje også litt tid, nemleg Kjærlighets veier, siste bindet i Nattens Brød av Johan Falkberget.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I pinsa er eg i Frankrike. Kom nettopp til hotellet etter å ha sett fotballdamene vinne 3-0 over Nigeria. Herlig stemning på stadion. Og medan eg venta på kamp så fekk eg lest ein god del av Eksil og kongerike, ei novellesamling av fotballspelaren Albert Camus. Endeleg, på fjerde forsøk, ei Camus-bok som eg liker godt. Så dagen har vært ein opptur på alle frontar.

Når denne er unnagjort så bli det meir fransk på leselista, då gjeng eg i gang med krimboka Camille av Pierre Lemaitre. Og innimellom så blir det å bla litt i lesesirkelboka The Old Man and the Sea også.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg har denne engelske utgåva. Nydelege illustrajonar. Det er interessant å lese i forordet om at ideen til boka kan sporast attende til ein artikkel Hemingway skreiv for Esquire i 1936. Historia har altså mogna i nokre år før den kom ut som bok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det har vært ei travel helg, men eg har funne tid til å lese litt også. Gjorde ferdig Vinter i Maine, den gjorde inntrykk. Må fordøye den ei stund før eg kan setje ord på kva eg meiner om den, men terningen landa på 6.

Så er eg i gang med lesesirkelboka The Old Man and the Sea, har hatt den i bokhylla eit års tid så det passa bra at denne kom no.

I morgon skal eg til Sverige på jobbreise. Må vel nesten plukke med meg noko svensk til turen, men har ikkje heilt bestemt meg enno. Kanskje Hemsöboerne? Eller Populærmusikk fra Vittula? Det er sikkert like greit å ta med begge to.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg meiner å hugse at det var særs sparsamt med hint om kva som hadde utløyst den tilstanden som menneska i boka lever under.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Veldig bra opplegg, som vanleg.

Eg hadde nok blitt nøgd uanset kva bok som hadde fått flest stemmer, men er ekstra nøgd med at det blei ei bok eg har ståande ulest i bokhylla. Dei siste felleslesingane har eg havna på etterskot fordi eg har venta på bok ...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har bokklubben sin verdensbibliotek-utgåve, denne er på tre bind.
Bind 1: Ymse forord 34 sider, deretter 3 dagar a 10 noveller, 269 sider
Bind 2: 4 dagar a 10 noveller, 272 sider
Bind 3: 3 dagar a 10 noveller + forfattaren sitt etterord: 252 sider
Til saman 827 sider.

Til samanlikning, verdensbibliotek-utgåva av den aller første boka i lesesirkelen, Middlemarch, hadde 11 sider innleiande essay, så sjølve romanen på 858 sider, deretter 32 sider med merknadar og til slutt oversetjaren sitt etterord på 7 sider. Til saman 908 sider.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Måtte snoke innom bokhylla di, og det ser ut for at du har lest ein god del av serien. Sjølv har eg berre lest Macbeth, men eg har i tillegg Eddikjenta (Troll kan temmes) og Et gap i tiden (Vintereventyret) ståande ulest i bokhylla. Det blir å lese minst ei av desse i år.

Erfaringa frå Macbeth er at det svarar seg å lese Shakespeare-originalen først.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg gjorde nettopp unna Verdens beste bygd av Arto Paasilinna. Artig fabel.

No har eg starta på De kommer til å drukne i sine mødres tårer av Johannes Anyuru. Dette er lesesirkelbok i dystopilesesirkelen.

Utover den så trur eg ikkje det blir så mykje lesing, i morgon gjeng dagen med til dugnad.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skal du lese Margaret Atwood sin gjendikting av Stormen i same slengen?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Side 33;
"... han hadde med seg en skjærebrenner som var anskaffet for formålet; samtidig satte lensmannen og den yngre konstabelen i gang aggregatet som kunne mate skjærebrenneren med strøm."

Kva slags skjærebrennarar er det dei har i Finland som treng straum?
Eg mistenker at det heller dreier seg om ein vinkelslipar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Marit HebækGVBeathe SolbergConnieErikNeda AlaeiAnniken LJenny Dahl BakkenKaren RamsvikHildaTonesen81Julie StensethLars MæhlumTanteMamiemoiraIngunn SReadninggirl20MarteRufsetufsaTrygve JakobsenKay NilsenAnjaRandiLesevimsaIngeborg GLibraritas vBoktimmyEmilie GeistEivind  VaksvikFarfalleJan Erik  OlsenedgeofawordLilleviArcticDwarfNina BallerinaMari Nordø LommelunBjørn  BakkenKarin BergTone Maria JonassenLena Risvik Paulsen