Dette kan eg mykje om. Eg kjenner mange extraverte menneske som les bøker. Mange fine artiklar om introvertisme og kva ein kan gjere for å ikkje føle seg overvelda av omverda, men diverre finnest det mange introverte på nettet (andre nettsider, vel å merke... hostkremtTumblrkremt) som rakkar ned på de extraverte... Og det er ikkje så kjekt.
Eg er sjølv introvert, og sett pris på å lese artiklar om saka, blant anna den du linka til. :-) Eg ynskjer meg denne boka òg.
Eg legg til: Eg kom på at det finnest ein song som heiter "The Introvert Song" av The Four Bitchin' Babes, som beskriv den stereotypiske introverte personen. Diverre er det einaste eksemplaret på YouTube med dårleg ljud, men ikkje så dårleg at ein ikkje høyrer teksten. Morosam song!
Eg gjer til vanleg terningskast, men ikkje alltid. Eg bruker meir fornuft, og då hender det at eg synest godt om ei bok eg syntest ikkje var så bra, så då let eg berre vere å gje terningskast (slik at andre ikkje skal tru at eg ikkje likar boka, til dømes!).
1: Kvifor er dette publisert?
2: Eg forstår kvifor den er publisert, men den mangla kjempemykje.
3: Grei nok, men mangla noko viktig.
4: Midt på treet.
5: Bra skreve, bra gjennomtenkt og/eller meget kreativt.
6: Kvifor er ikkje denne forfattaren/boka betre kjend? (Evt. 'Eg forstår kvifor denne forfattaren/boka er kjend.')
Kan hende eg har brukt denne sida ein gong. Eg trur no ho er lovlig! Det er ikkje som om ein brukar BitTorrent for å få tak i filane.
Eg har ein kosestol på det gamle soverommet mitt, som no òg er soverommet til kattane mine. Eg får akkurat nok lys inn vindauget til at eg kan lese, men ikkje så mykje at eg vert blenda. Hurra!
Den einaste tingen eg ikkje synest så godt om, er at det luktar så vondt av sanden til kattane, men dei skal snart lære seg å gå ute, så då vert det fint igjen.
Å blande bøker er litt intimt for meg òg! Så du er ikkje åleine. Eg verte nyleg singel igjen, men då eg budde saman med eksen, så blanda me ikkje bøker. Eg sorterte mine fint opp i hylla, og han slengte sine i sofaen og i vinduskarmen (huff!). I tillegg hadde me begge nokre av dei same bøkene, og det synest eg ser litt rart ut i same bokhylle.
Så nei: mi bokhylle inneholder mine bøker (og anna plukk).
Eg les no "Dragonriders of Pern" (tre bøker i éi) av Anne McCaffrey (som døydde sist november, diverre), som eg fekk nærmast kasta i hendene på meg av ein medarbeiar på biblioteket, då han fann ut at eg les fantasy og science fiction. Litt morosamt då det hendte! Muntra meg opp.
Strengt tatt er sist kjøpte bok den femte Percy Jackson-boka (ssj, ingen treng å vite dette), men eg fekk ei bok i posten i dag, og er svever på ei sky av glede!:
Hollow Earth and Carole Barrowman og John Barrowman (John er kjend som Captain Jack Harkness frå Doctor Who og Torchwood... kjekt med kjendisbøker!... av og til).
Eg vonar eg ikkje vert skuffa.
A Clockwork Orange - Anthony Burgess My Man Jeeves - PG Wodehouse (eller, kva som helst av Wodehouse, eigentleg, men eg synest godt om Jeeves-historiane hans.)
... og det var alt eg kom på.
Alltid. Eg må slå ned blikket når eg går forbi bokhandlarar for ikkje å stoppe og gå inn, på leit etter nye titler å ha med meg heim. Eg vert til og med irritert når eg går inn for å kjøpe bøker, og så finn eg ingenting eg vil ha. Snufs.
Men no må eg kutte ut med dette, spesielt sidan eg ikkje tener så mykje penger. Og kjerasten vert irritert.
"Sjå her, Torgisl," sa han og dunka jaktkameraten i sida. "Har du sett kva kokka har laga til oss? Ei kake som ser ut som ho skammar seg over å vere kake. 'Nei, eg er slett inga kake, herre konge, berre sjå, eg er ein blomebukett, nei, ikkje et meg, herre konge, la meg vere, sjå, no kjem sommarfuglane.'"
Heheheh. Eg er ikkje heilt sikker på kvifor, men eg elskar Floote. Herlege mannen.
Eg har tre signerte eksemplarar, trur eg (eg hugsar ikkje heilt, heh). Dei er Snuff av Sir Terry Pratchett, Lord Loss av Darren Shan, og Drakeguten av Asbjørn Rydland. Eg har, derimot, aldri møtt nokon av dei. Snufs, grin.
Snuff og Lord Loss var gåver frå snille folk.
Eg las denne boka ei veke før bror min døydde. Eg trur ikkje eg hadde klart å lese denne boka om eg hadde lest ho etterpå, den var såpass trist.
Kjekk bok likevel.
Så rart -- eg las dette innlegget i går, og tenkte, "hm, denne boka må eg kjøpe når eg har pengar, ein gong i framtida."
Då eg gjekk på jobb i dag, fann eg boka liggjande blant mange andre bøker, og visstnok låg ho der og venta på at nokon skulle ta ho med seg heim, heilt gratis! No er eg lykkeleg, og sjølv om eg synest eg burde ha betalt for det, så kjem eg til å kjøpe den andre boka (viss eg synest godt om den første boka, så klart -- men eg har trua på at eg kjem til å like ho).
He turned his head and looked at me furiously. "You woke me up. Why did you wake me up? I was back home. I was just about to carry out a serious refrigerator raid. My mom made a cheesecake! A strawberry cheesecake, and I don't mean one of those things from a mix; the woman can make cheesecake."
Then he looked at me again, more dubious. "David? Are you spooning me?"
Ein morgon drog vi.
Skråsikre på at dei ikkje tok tran i Texas.
'I don't hold with paddlin' with the occult,' said Granny firmly. 'Once you start paddlin' with the occult you start believing in spirits, and when you start believing in spirits you start believing in demons, and then before you know where you are you're believing in gods. And then you're in trouble.'
'But all them things exist,' said Nanny Ogg.
'That's no call to go around believing in them. It only encourages 'em.'
Eg likar å alltid ha noko å lese på. Eg vert irritabel om eg står framfor hylla og ikkje klarer å velje neste bok.
Når er har lese ferdig ei bok, gir eg ho terningkast her på Bokelskere, og om eg synest ho var kjekk å lese, så skriv eg anbefaling på Tumblr-brukarnamnet mitt. Om eg gidd.
Eg elskar bøker generelt fordi dei luktar godt, kjennes gode ut i hendene, og ser kjempefine ut i ei fint organisert bokhylle.
Individuelle bøker har eg meir problem med å elske. Då må dei ha fått meg til å hulke, hyle av latter, gaule av sinne eller få hjartet til å dunke, og eg må diverre seie at dette skjer sjeldant. Sjølv ikkje bøkene som går så inn på meg at eg sit med ein kjensle av "hóli skitt" etterpå.
Eg gler meg til å finne ei bok eg elskar. :) Den kjem nok ein dag.
Eg har nemnt det i ein annan tråd, men fantasy-serien "Warriors" (evt. "Warrior Cats") av Erin Hunter har kattar som hovudpersonar. Ein heilt ålreit serie, ikkje noko fabelaktig, men heller ikkje forferdeleg. Eg synest personleg serien er kjekk, med profetiar, bedrag, mord, mysterie og vêrhår.
Det er no ein ungdoms-serie, då. Om du ikkje har noko imot lettleste engelske ungdomsbøker, så er den heilt grei. Men eg forstår godt om det ikkje virkar freistande.