Det beste med denne boka er at den er estetisk pent utforma med stilreint design og vakre bilete. Ellers er det dessverre ikkje så mykje ved den som fortener skryt. Språket er dårleg (ein skulle tru den ikkje var korrekturlest i det heile - det gjekk nesten ikkje ei side utan at eg fann fleire rare setningar, og/å-feil, kommafeil og/eller andre typar skrivefeil), forfattaren gjentek seg sjølv alt for mange gongar, og til tider er ho altfor påståeleg og generaliserande. I tillegg er innhaldet svært overfladisk og lite oppfinnsamt. I beste fall kan ein bli rørt av forfattaren sine beretningar om ein oppvekst prega av ein alkoholavhengig far, eller la seg inspirere av bileta eller matoppskriftene hennar, men ellers er det fint lite å hente frå denne leseopplevinga, dessverre. Det skal seiast at det er forfattaren si første bok, og å forvente noko stort og grensesprengange frå ein debutant er vel uansett urimeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gjennom vesle Scout Finch sine auger, får vi ta del i hennar og broren Jem sin oppvekst i sørstatsbyen Maycomb i 1930-åra. Far deira, enkemann og advokat Atticus Finch, har fått i oppdrag å forsvare ein farga mann som er anklaga for å ha forgripe seg på ei kvit kvinne. Gjennom barna får vi sjå dei klassebevisste og rasistiske haldningane som pregar byen si vaksne befolkning, og kjenne på kjensla av å måtte finne seg i kva desse menneska har å seie om far deira; "negerelskaren" Atticus. Men trass i motstanden og den tilsynelatande håplause saka, aktar Atticus å gjere det rette, og måten han kommuniserer med barna sine og er ei klippe i liva deira, er ikkje anna enn beundringsverdig og rørande. Og så er det Boo Radley, då. Den mystiske naboen dei aldri nokon sinne har sett. Trass i eit sørgjeleg tema, er denne boka full av framtidshåp, samt livlege skildringar av livet i Maycomb, rørande mellommenneskelege band og levande personlegdommar. Ein amerikansk klassikar, som eg anbefalar på det varmaste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hanldinga er spennande, har ei god spenningsoppbygging og mange interessante historiske detaljar. Mitt favorittmoment i handlinga er villaen si historie, og dei hemmelegheitane som skjuler seg i veggane der, og som gradvis blir drege fram i lyset. Det som øydela leseopplevinga litt, var den - i mine auger - lite kreative avslutninga. Eg vart setande att med altfor mange spørsmål, og ei kjensle av at forfattaren ikkje fann ei optimal løysing på alle problema, og difor måtte ta i bruk ei halvgod reserveløysing for å runde av handlinga. Litt småskuffa over denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Hilde H  HelsethAliceInsaneandreas h. o.Berit B LieBenediktePernille GrimelandJan Arne Nygaardingar hÅsmund ÅdnøyHegeBjørn SturødLeseaaseReidar SolbergLilleviLise MuntheWenche VargasAnn Helen ETorHarald AndersenIvar SandMorten BolstadVigdis VoldMartineAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKikkan HaugenIngunn SKjersti STheatuhamreRalingsformidlerneBjarne AashaugSigrid Blytt TøsdalMathiasHeidi BMarit HåverstadMonaBLJulie StensethLisbeth Kingsrud KvistenLailaBabynemi