Stein Riverton- i dag vert han i hovudsak hugsa gjennom Rivertonprisen og som opphavsmann til Knut Gribb; den internasjonalt kjende politietterforskaren i Oslo Oppdagelsespoliti. Men fram til han døydde i 1934 var han ein sentral kulturpersonlegdom. Journalist, forfattar og generell besserwisser med ein stor venekrins både i Skandinavia og Tyskland. Bernt Rougthvedt set ein fantastisk koloritt til både personen Stein Riverton/ Sven Elvestad og til den omskiftande samtida hans, ei tid kor kulturliv og politikk var svært polarisert mellom psykoanalyse og kristendom, mellom idealisme og verdsfjern dekadens og mellom kommunisme og ein gryande fascisme. Riverton veltar seg i dette grenselandskapet i djup akoholisme, i det eine augeblikket i eufori over eigne evner og i det neste bedrøvet til døden for sine homoseksuelle kjensler. Alt dette maktar Rougthvedt å skildra utan at det vert påfallande skandaleprega eller fordømmande. Sjølv Riverton si udiskutable begeistring for fascismen og Mussolini vert tatt seriøst og behandla som det det faktisk var; overbevisning. Ikkje fyllerør. Boka er elles så full av kuriosa frå mellomkrigstida sitt kulturliv, at eg nesten føler eg har levd i denne perioden. Rougthvedt viste med biografien om Per Imerslund, "Det ariske idol" at han verkeleg forstår unge menn dradd mellom glødande fascisme og problematisk homoseksualitet. Med "Riverton" vert det inntrykket bekrefta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka er lista under den litt ironiske tittelen "noveller og småplukk" er det ikkje noko småskårent over utvalet. Naturlegvis er ikkje alle novellene like gode og enkelte forfattarar er sårt sakna, men redaksjonen har likevel klarte det sentrale; å visa den enorme variasjonen innanfor engelsk novellekunst i viktoria-tida. Tema frå nekrofili til raseblanding vert framstilt i så ulike sjangrar som gotikk, kriminal, spøkelseforteljing, moralfabel og sosialrealisme. Elles maktar også redaksjonen med stort hell å visa den enorme variasjonen innanfor enkelte forfattarskapet, eller gje glimt inn i forfattarskap som i dag er (ufortent) gløymt. Til dømes er Oscar Wilde representert med novella "The happy Prince" omhandlar moral og nestekjærleik på ein stille og näive måte. Ein kontrast til alt det rampete og sjølvopptatte ein elles forbind med Wilde. Andre noveller som særleg må trekkjast fram er "Markheim" av Robert Louis Stevenson og "In dull brown" av Evelyn Sharp.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjølv om eg ikkje deler så svært mange av Pollestad sine synspunkt, verken av religiøs eller politisk karakter, har eg sansen for han som person. Han er ein av dei ytterst få geistlege som maktar å framstilla seg sjølv med eit snev av humor og livsgnist. At mannen skriv godt er det heller ingen tvil om, og dei mange referansane til litteratur og kunst er ofte ein uventa knaskepose. Likevel er eg usikker på kva eg syns om denne boka. Ein del av problemet ligg nok i dialogformen, eller kanskje meir presist dei to personane som snakkar saman. Dei er bevisst konstruert på ein slik måte at ein skal heile tida kjenna den emne smaken av tilgjorte kontrastar. Denne såkalla "heidningen" som skal vera representant for den moderne, vestlege samfunn kjende eg meg svært lite igjen i. Særleg påfallande var det i kapittelet om sex og kjønnsmoral. Etter å ha lese nokre av dei publiserte dagbøkene til Pollestad, har eg forstått at han i lang tid var fast sjåar av tv-serien Hotell Cæsar, ikkje for underhaldning men for samfunnsanalyse. Då er det sjølvsagt at resultatet for den verdsnaive pateren vert deretter. Den gudlause heidningen konstaterar at han har 1. vore saman med ei kvinne som med hans samtykke tok abort 2. hatt samleie med over 100 kvinner 3. hatt seksuell kontakt med ein ven av same kjønn. Dei top 3 syndene den katolske kyrkja rettar peikefingeren mot. Veldig passande altså. Dialogen vert også forvirrande då samtalepartneren "Peter" etter kva eg forstår både skal vera fiskaren Peter; læresveinen åt Jesus, samt ein metafysisk manifestasjon av alle pavane frå den gong fram til i dag, og talsperson for den katolske kyrkja som institusjon. Difor vert det ofte vanskeleg å vita kva synspunkt som er av historisk art dvs Peter sine meiningar, og kva som er kyrkja sine meiningar pr i dag. Og naturlegvis i kva grad Pollestad, som representant for denne kyrkja, deler desse meiningane.

At homo religicus og den kristne kulturarv er noko negativt eller latterleg syns eg som Pollestad er ein lite reflektert påstand. Me er alle kultur-kristne. Men bortsett frå dette skjønar eg ikkje heilt kva Pollestad VIL med boka. Er det kun refsing av dekadent, vestleg livsførsel, eller indirekte promotering av det katolske kyrkjesamfunn? Det rørar også ved ein undertone i boka som eg ikkje likte; at ei inderleg personleg tru er vanskeleg, nærast umogeleg utan også vera underlagt ein religiøs institusjon, i dette tilfellet den katolske kyrkja. Det er kanskje ein naturleg konsekvens av å vera katolikk, men mot Pollestad sin svært pessimistiske samtidsanalyse (som han elskar å nytta som ynskjekvist for alt som er galt) kan det innvendast at Gud, sogår i primært kristen påkledning, sit lunt til i mange menneskehjarte i verda, i Vesten, i Noreg. Sjølv om dei ikkje naudsynleg går i kyrkja eller bles på dommedagsbasunar ved kvart gatekryss.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hermann Broch er ein utilgjengeleg forfattar, men det er openbart etter eige ynskje. Formulering og syntaks er så utvilsamt tysk, men uendelege rekkjer av ord før eit frelsande punktum. Det høyres anstrengande ut (noko det også er), men samstundes ambivalent; for orda hans treff hardt med både meining og menneskeleg innsikt. Eg orkar ikkje lesa vidare, men eg maktar heller ikkje å leggja boka frå meg. Nær sagt heldigvis er "De skyldløse" ei novellesamling, så den litterære kvaliteten er svært varierande og difor treng ein ikkje gravleggja seg like mykje i Broch (som i til dømes Vergils død, ein nærast uendeleg roman. Prosjektet for boka er vitterleg ambisiøst; å forklara nazismen sin framvekst i det tyske samfunn , og det lykkast måteleg. Enkelte av novellene, då tenkjer eg særleg på "Lektor Zacharias fire taler" gjev truverdige djupdykk i det tyske gjennomsnitsmenneske sitt mentale landskap kring 1923. Sjølv Zacharias, sjølverklært sosialdemokrat, lengtar etter ein førar som kan heva seg over all den parlamentariske småkjeklinga, han drøymer om brorskapet han opplevde i krigen og ynskjer hemn over Tyskland sine taparar etc. Svært godt skissert, og eg syns det er verkeleg synd at Zacharias kun er med i 2 av novellene. Den andre hovudpersonen, A , er eg meir skeptisk til. Broch får fram eit bilete av politisk likegyldigheit, apati og eit ynskje om å stå utanfor samfunnet i denne figuren, MEN etter mitt syn er det gjort med litt for mykje høgtflygande skildringar og filosofiske spekulasjonar om mennesket. Å forklara nazismen si kjerne, vert borte i alt dette velformulerte og spissfindige. Likevel er hovudpoenget til Broch klart; politisk likegyldigheit vert ofte etisk likegyldigheit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Etter å ha lese Gengangere undra eg på det, etter å ha høyrd radioversjonen av Keiser og Galileer er eg overtydd- Henrik Ibsen er ein dramatikar av verdsformat. Skodespelet er for det meste godt (særleg Sverre Solheim imponerar), men sjølv enkelte dårlege parti skjular ikkje at det sentrale likevel er ORDET, desse kraftfulle, makelause ord frå Ibsen. Dramaet er basert på reelle historiske figurar, og krinsar kring keisar Julian, den siste ikkje-kristne romerske keisar. Ettertida har gåve han tilnamnet "den fråfalne", då han på trass av ei kristeleg oppvekst avviste Kristus si læra. Dramaet sitt hovudfokus er nettopp Julian sine religiøse oppfatningar og sutet for å fråvrista dei kristne deira einerett på sola, sanninga og frelsa. Han ynskjer toleranse, men møtt med kristen intoleranse og fanatisme vert han sjølv ein fanatikar som tar i bruk tortur og fengsling for å skapa innsikt og stabilitet til riket. Eit alltid like aktuelt etisk dilemma- å nytta vald for å vinna fred. Julian hatar den såkalla Galilearen (Jesus), men hatet spring utifrå ein angst for frelsaren som gjennom heile barndomen har plaga han med sine krav om "du skal" for å koma til himmelen. Her vert ein viktig grunn lagt til forklaring for kristendomen sin siger over heidenske menneskesinn- lovnaden om evig liv, den ufråvikelege lydnaden for Gud og den blinde intoleransen mot andre truande og angsten og tvila for den evige dom. Julian, etter lange religiøse kvalar, kjem til den konklusjon at Galilearen står i vegen for attvendinga til den grekse gullalder kor visdom og venleik var dei sentrale omgrep og ikkje samtida sine rop om synd og soning (det er nesten som å høyra Nietzsche kviskra i kroken). Ibsen skal også ha ros for den truverdige sein-antikke stemninga, som i stor grad tuftar på denne tilbakeskudande lengsel til fortida, som ikkje minst er ei sterk drivkraft for Julian. Som også mange i dag, ser han samtida som moralsk degenerert og utan nobelt innhald. Verda er gamal; me lev i skuggen av sivilisasjonen sin solnedgang, det einaste som ligg framfor oss er barbari, intoleranse og fanatisme. Glitrande framstilt er dynamikken i Julian mellom rollen som inmateriell filosof og smigersvak konge, mellom dei gamle religiøse førestillingane og Galilearen, og mellom reaksjonsmønstera til enkeltindivid i ei brytningstid. Eller rettare sagt, som skildring av ein spesifikk historisk epoke er dramaet interessant,men som forsiktig bidrag til den evigvarande debatt kring store ord som religion, livsfilosofi, trusfridom, toleranse er dramaet mesterleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er eg einig i, å sjå seksuelle forhold mellom slektningar som ein arveleg trong heller enn naudsynt og praktisk er eit spanande perspektiv. Særleg når ein tenkjer på at dei faktiske tilhøvene i Hitler sin familie var akkurat slik, både mellom foreldra og Adolf Hitler sitt tvilsame forhold til systerdottera. Dynamikken i Adolf Hitler sin barndomsheim må unekteleg ha påverka han, om enn utan djevelsk intervasjon. Det eg kritiserar er som nemnd den overdrevne skildringa av dei incestiøse handlingane i romanen. Som eg finn overflødig, og skjemmar ei elles god bok. Er usikker på om eg er glad eller trist for at Mailer ikkje fekk gjort alvor av hintene han kom med i epilogen om at Dieter kunne skriva nye historiar om Hitler i 1920-årene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I utgangspunktet ei svært interessant bok. Har ikkje lest noko av Norman Mailer sine tidlegare utgjevingar, men merkar fort at forfattaren har ein god og stødig penn. Historia omhandlar familien Hitler med særleg fokus på unge Adolf og far hans Alois, noko som nær sagt bør pirra dei aller fleste. Når Hitler sine dagbøker viste seg å vera falske må ein nøya seg med innblikk i psyken til den framtidige Füher ved hjelp av demonen Dieter, boka si forteljarstemma. Dette er også eit spnanade littrært verkty, som demon kan Dieter vita alt alle karakterane tenkjer utan at det vert brysamt eller unaturleg at forfattaren kjenner til dei indre dialogane, slik det kan verta i nokre bøker. Stort fokus gjev Mailer det seksuelle, og særleg Hitler-familien sin etter sigande trong til incest. Det vert, etter mitt syn, for sentralt i boka sin dynamikk ettersom skildringane er unaudsynt detaljerte og ikkje alltid like velskrivne. Nokre gonger kan det usagte, det unemnelege som berre indirekte vert nemnd, vera det sterkaste verkemiddel. At Mailer vann Bad Sex in Fiction Award er såleis ikkje overraskande. Overflødig er også dei tyske småordene og utropene som vert fletta inn i teksten, lesaren veit allereie at handlinga utspelar seg i Austerrike og gjev ingen større realisme.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Jeg sikter ikke bare til det skjørlevnet som vil florere på et slikt sommerhotell, alle de kjødets fristelser som det moderne badeliv fører med seg- når menneske skamløst blotter sine legemer for hverandre. Jeg sikter ikke bare til alt det kortspill, all den drukkenskap og utukt som vil bli resultatet- ja, kanskje vi til og med skal få dansebule og kinematograf? Jeg vet at alt dette er Satans klinte, og at den vil kunne slå rot selv i fromme og enfoldige sjeler- som brødre og søstre i vår lille menighet. Vi vil med nebb og klør motsette oss denne smitte; Babylons skjøge skal ikke få holde sitt inntog på Heilandet! Men jeg sikter til at rene, håndgripelige satansmakter vil bli sluppet løs her på stedet hvis De gjennomfører denne planen. Det er en stor og farlig synd å utfordre mørkets makter...." Emisær Aleksander Flateland- utdrag

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein gamal favoritt om skrømt, satansprestar, psykoanalyse og kjærleiksintrigar. Takka vera NRK Radioteater har eg i tillegg eit svært ambivalent forhold til sydvestar. Riksmålskamerat Andre Bjerke har teft for å leggja inn stor faktakunnskap i romanane sine, om alt frå succubus til kortspel. Det, saman med dialogar mellom hovudstaden sine gløggaste og/eller rikaste hovuder, gjev eit svært høgverdig inntrykk. For balansen si skuld opptrer også eit par bygdetullingar, til dømes den svært underhaldande emisær Flateland. Forutan at forteljinga er fordømt spanande og ikkje minst skremmande; Bjerke spelar på dei basale tangentane i den menneskelege angst; angst for det ukjende. Heile tida raslar vitskap og tru mot kvarandre i bøkene, og Bjerke gjev dei begge taletid og ein todelt slutt der begge leirar får framleggja si forklaring.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Mitt forhold til Hemmingway er svært broket; har lese nokre novellesamlingar og avbrote fleire bøker (mellom anna Farvell til våpnene). Og sjølv om eg innser at det er kvalitet i det han skriv, så får eg meg ikkje til å lika måten han skriv på. Det er noko kort, knapt og konsist over det som eg ikkje kan svelga, det må altså tilvenning til. Antakeleg gjev eg, som du påpeikar, Hemmingway ein viss urett, men når det finns så mange bøker i verda eg ikkje har lese, vert Hemmingway lagt til side.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Store ord å seia høgt, men dette er utan tvil ein av dei beste bøkene eg har lese. Desse 4 verkene held ein slik litterær kvalitet at dei ikkje berre har verdi i norsk litteratur, men også fortener sin plass i verdslitteraturen. Etter å ha høyrd heile slekstsoga om Hellemyrsfolket sat eg med ein knugande bull i mellomgolvet og ein stor pessimisme trengte seg på. Lesaropplevinga er massiv; måten Skram skildrar alkoholisme, skam, armod, tap av sjølvrespekt,neglisjering og hat er overveldande. Særleg den grimme mora Petra kom eg etter bok 4 til å kjenna eit særskild aversjon mot. Det er ingen diabolsk vondskap, tilstade frå fødsel av, men som får god jordsmonn i nemnde situasjonar. Korleis arvesynda går nedover i slekta og individet aldri slepp bort frå familien sitt klamme tak er tankevekkande. Skildringa av Strileland og Bergen også med dialektbruk vert nytta ypparleg, og Eilif Armand les med utruleg teft. Eit bokprosjekt for alle som vil stira ned i den menneskelege brønn.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Det heiter seg at få kvinner likar Hemmingway, og at mange unge ikkje "forstår" det han skriv. I den forstand har eg alle forutsetnader mot meg. Og det høver godt, for eg fann boka umåteleg keisam. Noko av grunnen må kanskje tilleggjast Johannes Eckhoff, som leste inn lydbokutgåve eg høyrde, og som (genau) er ein gamal mann og las inn med forventa monotomi og forrakt for hastig gjennomlesing. Her fekk kvar setning, nær sagt kvart ord, sin fortente kunstpause. Dette kunne likevel oversjåast om innhaldet var godt, noko eg ikkje syns. Mannen fiskar, tenkjar på havet, garn og gutar (ikkje misforståast i pervertert retning, men den vesle fiskarguten som er ein slags læresvein for den gamle). Kanskje vil eg finna boka interessant når eg byrjar å få grå bartehår, men det kan eg ikkje ta omsyn til. Kristin à 2010 seier høgt, utan den minste skuld eller skam: Hemmingway er ein bolle. Så får heller framtidas Kristin ta seg av unnskuldingar og kniks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I motsetning til dei fleste har eg lest Ringeren i Notre Dame, men ikkje De Elendige. Kvifor Notre Dame de Paris har kome i skuggen av Jean Valjean & co kan eg såleis ikkje svara på, men trur det er grovt urettvis. Kanskje særleg stor skade har Disney gjort med si gudsjammerlege forkvakling til ein slags happy-ending story med svært nedtont kritikk av kyrkja som institusjon. Boka minner lite om teiknefilmen, og har dei fleste element ein kan krevja; saftig skildring av eit mellomaldersamfunn bortanfor den barbariske og mørke, truverdige personkarakteristikkar med sterk individualitet og ein kritikk av kyrkja i ein herleg indirekte tone. I staden for å seia at sølibatsordninga eller (den katolske) kyrkja sitt store maktfundament er galt, viser heller Hugo kva konsekvensar får for enkeltmenneske. Dialogane er gode, med mange metaforar som kunne tena som livsfilosofi, mellom anna kor Quasimodo samanliknar seg med eit grantre; utan blomar og prakt, men som er grønt heile vinteren. Eit viktig moment i boka, å gje det ustyrlege, irrasjonelle begjær eit ansikt er fantastisk gjort. Erkediakon Claude Frollo er ein av dei mest interessante karakterane i litteraturhistoria etter mitt syn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette er etter mitt syn ei svært god bok. Original og velskriven, utan at det går utover den historiske gravemetoden. Tilsynelatande. Som lekmann har ein uansett små forutsetnadar til å avdekka eventuelle uregelmessige moment. Gjev ei delvis forklaring til kvifor og korleis hekseprofilen, som vart forfølgd i tidleg moderne tid, utvikla seg i intellektuelle, geistlege, verdslege og folkelege instansar. Sidan dette er eit tema som diverre er marinert i populærkulturelle mytar og svada, er det godt at Cohn gjer sitt til for å krevja tidsperioden attende i historiefaget sitt namn. Noko som han for øvrig meistar framifrå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienMads Leonard HolvikFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten Lund