Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Overvåking

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein klaustrofobisk dystopi frå 1940, der Boye ser for seg eit strengt autoritetsstyrt samfunn i år 2000. Individet sin fridom finnest ikkje, staten har krav på å kunne kontrollere alle aspekt ved liva til innbyggarane. Vi møter Leo Kall, ein systemtru vitskapsmann frå Kjemibyen nr. 4, som finn opp eit middel som får menneske til å fortelje dei innerste løyndomane sine. Middelet får namnet Kallocain, og blir ansett for å vere eit viktig hjelpemiddel for at staten skal kunne avsløre løynde fiendar. Kanskje fiendar som ikkje sjølve veit at dei er fiendar.

Det finnest få, om nokon, hint om kvar, reint geografisk, Boye tenker seg at dette samfunnet er. Staten heiter Verdsstaten (og her kunne eg ha gjort meg vittig ved å skrive Ve(lfe)rdsstaten), men sidan krig stendig er eit tema er det ganske opplagt at det finnest fleire statar i verda. Boye har gjort seg flid med å stort sett velge namn til personane som ikkje gjev assosiasjonar til etnisitet, men som likevel fell lett på tunga. Eg hadde venta at Boye også dikta opp ein del teknologiske nyvinningar 60 år fram i tid, men slikt er det sparsomt med. Fokuset er å mane fram biletet av ei undertrykkande statsmakt.

Boka gjev assosiasjonar til den noko meir vidgjetne boka 1984 av Geroge Orwell, som kom nokre år seinare, men wikipedia seier ingenting om korvidt Orwell har latt seg inspirere av Boye. Ein annan tanke som slo meg under lesinga er korvidt skildringane i boka passar på dagens Nord-Korea.

Uansett, sjølv om det ikkje er vanskeleg å finne feil i dagens samfunn (den likegyldige finn ingen, den konspirasjonsteorikåte finn ikkje anna) så har vi likevel greidd oss ganske bra i forhold til Boye sine visjonar. Og takk for det. Eg las denne i Ajiniakra sin dystopiske lesesirkel. Takk til deltakarane for lesefølget.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleser