Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette var ein av dei største positive lese-overraskingane dette året. Rett og slett fordi fleire av dei tidlegare omtalane meir enn antydar at boka er kjedeleg, medan eg sjølv endte opp med å like den veldig godt. Ikkje godt nok til å trille ein 6’ar, men ein stødig 5’ar er godt i overkant av det eg venta då eg åpna boka.

Hovudpersonen og forteljarstemma er Jacob, ein rastlaus og i praksis foreldrelaus ungdom som kjem attende til Oslo etter å ha seilt ute. Han har opplevd mykje i fohold til jevnaldringane sine i Oslo, og ser på ein måte litt ned på dei andre. På den andre sida slit han med å passe inn, og spesielt etter at han blir kjend med, og forelska i, vestkantjenta Line. Her kjenner han på mindreverdigheitskompleks i forhold til omgangskrinsen hennar. Etter kvart som handlinga skrid fram så blir tonen i boka litt mørkare, og dei mindre sympatiske sidene ved Jacob blir tydelegare.

Boka vakte harme då den kom ut, delvis på grunn av sex-skildringar og delvis fordi vestkant-ungdom blei framstilte som uansvarlege party-løver. Ein kan trygt seie at terskelen er ein annan no enn i 1959. Boka er filmatisert (1961), med Toralv Maurstad som Jacob og Margarete Robsahm som Line. Heile filmen, med engelsk teksting, er å finne her. Eg har ikkje lest noko av Aksel Jensen før, men kan fort finne på å plukke opp fleire av bøkene hans dersom høvet skulle by seg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

KjerstiEllen E. MartolIngvild SStig TPiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil Christiansen