Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Jeg gledet meg til å lese boka, men ble veldig skuffet. Jeg rett og slett kjedet meg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, eg veit ikkje. Dette er så vidt eg kan forstå ei bok eg burde like særs godt. Truverdige historiske kulisser. Dramatiske hendingar. Intriger og mysterier. Underforklart. Ei forteljarstemme som er ond utan å innsjå det sjølv. Men, nei. Eg har vondt for å peike på kvar det svikta for meg, men eg greidde ikkje å la meg rive med i denne historia.

Forteljaren er Desiderius, ein døyande spansk inkvisitor, som tenkjer attende på det fyrste ordentlege oppdraget sitt og korleis det feila. Som ung og ærgjerrig geistleg ivra han etter å vere den flinkaste til å fremje den sanne og rette læra, helst så bokstavtru som mogleg. Når det ryktast at djevelen er laus på eit nonnekloster i ein avsidesliggende del av Nord-Spania, gjer han det han kan for å bli den som får take hand om saka. Men det er litt av ein floke å finne ut av kva som eigentleg har skjedd, og bakgrunnen for det. Her krevast det grundige intervju med alle involverte, og inkvisisjonen sine intervjumetoder kan jo til tider vere ganske interessante. Undervegs kjem det også fram opplysningar om hovudpersonen sitt eige opphav.

Hovudpersonen burde vere eit særs interessant objekt for ein psykologisk analyse. Er det bakgrunnen som bortsatt til eit kloster som gjer at han strevar så fælt med å vere den flinkaste i alt? Og forstår han at gjerningane som skal drive bort vondskapen i seg sjølv er vonde? Og kvifor reagerer han så voldsomt på sine eigne kjønnsdrifter? Men, av ein eller annan grunn mista eg interessa for heile personen undervegs i boka, og kjem ikkje til å bruke så mykje energi på å gruble på dette.

Eg las denne boka saman med gretemor sin lesesirkel, diskusjonstråden for boka er her. Heldigvis var det fleire av dei øvrige deltakarane som fekk betydeleg meir ut av boka enn det eg gjorde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken L