Viser 1 til 1 av 1 omtaler

"Den som slutter å være en venn, har aldri vært det. Jo mer mitt hjerte tenker på det, jo dypere stikker såret." (Valérie Perrin: "De tre", s. 440)

Tittelen "De tre" viser til tre venner, Nina, Étienne og Adrien. Dei blir kjende med kvarandre første skuledag i femte klasse i 1986, kjem frå ulike bakgrunnar og er også svært ulike. Likevel held dei saman i tjukt og tynt i mange år, og er saman både på skulen og i fritida. Tre svært ulike ungdommar i eit nydeleg vennskap. Men noko har på eit tidspunkt skjedd. Noko som gjorde at dei tre ikkje har med kvarandre å gjere lenger.

Kapitla skiftar mellom ungdomstida deira på 1980- og 90-talet, og romanens notid, som er 2017. I kapitla frå 2017 er det ei kvinne som kjende desse tre som ungdommar som fortel i eg-form.

Tre spørsmål driv lesaren framover: Kven er kvinna som snakkar i eg-form? Kvifor har det nære og svært gode vennskapet mellom dei tre gått i oppløysing? Og kva skjedde eigentleg ved tjernet den sommarkvelden for så mange år sidan? Samstundes som dette er ei forteljing om eit nært og rørande vennskap, er det òg ei forteljing om opprullinga av det som ser ut til å vere ei kriminalsak.

Perrin skriv godt, og greier med denne romanen både å dra meg gjennom 600 sider raskare enn eg nokon gong tidlegare har lese ei så tjukk bok, gje meg ei særs god lesaroppleving, og ikkje minst gjere noko eg liker ekstra godt at skjønnlitteratur gjer med meg: Gje meg nye perspektiv på verda og folk rundt meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Yvonne Sandbergandreas h. o.Hanne MidtsundBjørg  FrøysaaAnn ChristinSol SkipnesOleVidar KruminsAndreas BokleserTorBjørg RistvedtMorten BolstadEster SBertyVibekeTove Obrestad WøienLars Johann MiljeGrete AastorpTone SundlandTone Maria JonassenVannflaskeIreneleserBjørn T. SkjævelandCecilie69Reidun SvensliritaolineAnna-PiaHilde H HelsethHanne Kvernmo RyeMonica CarlsenMarianne MPiippokattaDolly DuckTanteMamieMarit HøvdeIngeborg GEgil KristiansenHeidi HoltanHarald KIngunnJ