Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Opninga er suveren: "Du har nok vært i Illevik, du visste det bare ikke." Det er lite eg blir gladare av i bokverda enn ein tekst som dreg meg til seg frå første setning. "Malamanderen" med serietittelen "Et Illevik-mysterium" gjer det.

Fantasy for barn har ofte element frå annan fantasy for barn. I "Malamanderen" er både ting som blir valt for deg og namn som ikkje skal nemnast, som eg kan kjenne igjen frå (blant andre) Harry Potter-bøkene. Likevel er Illevik-universet herleg eigenarta, og sluker (i alle fall denne) lesaren, og gjer sitt til at annan litteratur blir gløymt ganske raskt.

Ulikt andre fantasi-bøker eg har lese, er denne skriven som ei eg-forteljing. Det skaper her eit nærare, ærlegare og meir tillitsfullt forhold mellom lesaren og forteljinga, tykkjer eg.

Ein litt redd (men likevel etterkvart modig) gut, Herbert Lemon, og ei ganske modig jente, Violet Parma, finn kvarandre og går i lag om å finne ut av mystiske hendingar i Illevik-historia. Dette hadde vore gull nok i seg sjølv, vil eg tru, men kopla med reseptkort frå Illevik bokapotek, blir det alt ein bokelskar kan ønske seg, sjølv om bokelskaren er 48, og boka eigentleg er skriven for barn i mellomtrinnsalderen. Eg gler meg til neste bok i serien!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg Ristvedt