Viser 1 til 2 av 2 omtaler

"Pakk!" vert dei kalla, familien som bur inst i dalen på den austerrikske landsbygda. Far Josef og mor Maria, og det som til slutt blir i alt sju barn. Det eine av dei, den femte i rekkja, Margrete eller bare Grete, vert seinare mor til eg-personen i romanen. Eg-personen er forteljaren som fortel om desse ni, dei som mange i bygda såg ned på.

Forteljingane er mange og går i krumspring ut og inn i tid og anekdotar, og rett som det er smett forteljarstemma inn midt i forteljinga om noko anna for gje ein tilleggsopplysning eller liknande. Dette er korkje forvirrande eller irriterande, snarare fornøyeleg, tykkjer eg. Trass breidda i tid og anekdotar, som blant anna tek for seg korleis det går vidare i livet med alle dei sju søskena, er det i tida då Josef var i hæren under den første verdskrigen hovudhandlinga går føre seg.

Romanen er handlingsmetta og godt skriven, i god omsetjing av Ute Neumann, og trass i at han ikkje er inndelt i kapittel, bare avsnitt som varer nokre sider i slengen, var ikkje dette ei bok eg hadde lyst til å leggje frå meg. Forlaget skriv at "Pakk er en rørende fortelling om samhold og svik, om tvil og fortvilelse, med direkte linjer til forfatterens egen slektshistorie", og det er eg samd i. I tillegg handlar romanen blant anna om sjalusi, kjærleik og relasjonar menneske imellom.

Skal du lese bare ein roman i februar , anbefaler eg at det blir denne. Den er overkommeleg for dei fleste med sine 155 sider.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorPiippokattaEgil StangelandSraDevoralibrosMorten MüllerTor-Arne Jensenmay britt FagertveitAnne-Stine Ruud HusevågVannflaskeIngunn STine SundalKjell F TislevollKaramasov11Tatiana WesserlingTorill RevheimHanne Kvernmo RyeFrisk NordvestmarithcmgesiljehusmorMarianneNIngeborg GGro-Anita RoenElisabeth SveeSynnøve H HoelWenche VargasHarald KElin FjellheimIngvild SalpakkaEli HagelundEllen E. MartolBjørg L.AvaBård StøreLeseberta_23Berit RJan-Olav SelforsJulie StensethFride Lindseth