Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Fantastisk skildring av pågangsmot i utenfor-Norge. Buffy er kul, og jeg synes det er modig av forfatteren både å la henne slippe unna med en del tvilsomme gjerninger og å la faren hennes være en gjennomført drittsekk. Men med ei velmenende mor og en litt sliten, men god lærer, har Buffy det grunnlaget som trengs for å lande på beina. Med støtte av lillebror Bobby.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Buffy By er talentfull er ei utruleg fin og usentimental bok om barnefattigdom i Noreg i 2019.⁣

Forteljaren er 11 år gamle Buffy som skriv sin eigen sjølvbiografi som skuleoppgåve. Ho har eit skamlaust forhold til at familien har dårleg råd, er full av ståpå-vilje og taklar både utslitte klede og rosenkål i matpakka, men då ho oppdagar at ho har eit talent for slalåm, verdas tredje dyraste sport, får ho ei stor utfordring. ⁣

Det er ikkje så mykje som blir skrive om såkalla låginntektsfamiliar, men i desember starta Bergens Tidende artikkelserien «Historier om fattigdom», der dei vil løfte fram dei fattige sine eigne forteljingar. Fattigdom i Noreg handlar ikkje berre om å gå svolten til sengs, men vel så mykje om å ikkje ha pengar til det andre tar for gitt.⁣

Barnefattigdom har auka betrakteleg dei siste 10 åra. I følgje BT budde det i 2017 106 000 barn i Noreg i hushaldningar med vedvarande låginntekt. Det er 38 000 fleire barn enn i 2006.⁣

Dette er barn vi møter over alt, i nabolaget, i klassen til barna våre og på fritidsaktivitetar. ⁣Det er Buffy og broren og 106 000 andre. ⁣

Berre ved å bli meir bevisst på kva slags økonomiske hinder som kan stenge barn ute frå fellesskap, kan ein greie å skape eit samfunn der alle har like mulighetar til å delta.

Dette er kanskje årets viktigaste barnebok. Ingeborg Arvola greier å setje søkelys på eit utruleg sårt tema på ein morosam måte. Boka er illustrert med treffande teikningar av Nora Brech. Som vaksen lesar får eg utruleg vondt av familien til Buffy som må⁣ ete knekkebrød til middag og droppe barnebursdagar fordi dei ikkje har råd til gåve, men mor til Buffy er klok og varm. Ho heiar fram sosialdemokratiet, og lærer ungane at det ikkje er skamfullt å vere fattig. ⁣

Buffy By er talentfull er den beste barneboka eg har lese i år, og kan trygt lesast av alle vaksne som har noko med barn å gjere også. Varm tilråing frå meg!⁣

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

LailaBeathe SolbergBjørn BakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudStine SevilhaugLibraritas vGrete AastorpJane Foss HaugenAnne MereteMarianne AugustagretemorAvaKarin BergAkima MontgomeryBenedicte Sønsteby AndreassenStine AskeLiljehvitElin SkjerengAtmanKristine LouiseWenche VargasMarita PettersenAntheiaSissel ElisabethTine SundalIris ElisaAudhildKikkan HaugenEileen BørresenBookiacBjørg  FrøysaaEmilie GeistHeidiSimen "Boktimmy" IngemundsenKorianderFru GranmgeIngunn SBjørg L.Ingeborg G