Viser 1 til 2 av 2 omtaler

No er dette 5te boka eg har lese av Jan Ove Seljestad. Han bevegar seg i same territorium, men her fortel han om sjølve skrivegjerninga, om byen Bremen, der han både arbeidde ved Universitetet og hadde skriverom i mange år, vi får høyre mykje om forfattarvenen, Jan Roar Leikvoll, som brått døydde som 40-åring og om ekskona, sonen og den noverande kona hans. Som vanleg dreier det seg om mørke tankar om å ikkje strekke til, streif av lukke, familierelasjonar og tankar om dauden og om det er verdt å halde fram.
Eg vart hardare treft av Isberg, Snøen stryk ut alle spor og Fjorden, men Ta hand om deg var kortlest i løpet av nokre ettermiddagstimar. No spørst det om eg skal avslutte mi Seljestad-ferd med romanen Eintranes, som han sjølv seier er meisterverket sitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For en fin tittel. Og så i denne tiden vi er i nå. "TA HAND OM DEG." Og boka er fin, den. Det er en veldig personlig og selvbiografisk bok om tap av en god venn. En sjelevenn som også er forfatter. «Begge er vi trefte av livet. Begge har vi opplevd å mista den sjølvsagte plassen i tilværet. Vi veit begge at mørket kan lura bak neste sving, at ein aldri kan kjenna seg heilt trygg. Det er så ufattelig skjørt, skal mest ingenting til, så ramlar ein utfor.» Den er veldig tettpakka av tilstedeværelse av forfatteren, hans reise i sorg og i sitt eget liv, der han har kommet til et vendepunkt. Det er mye tung selvransakelse der, man han skriver seg gjennom det- på sett og vis. «Jan Roar som forstår kva eg snakkar om. Den indre einsemda, den som er blitt både eit behov og ei forbanning. Om å bruka einsemda. Umulig, men nødvendig, og kanskje, likevel, mulig. I det minste eit håp om at det skal vera mulig.»
Godt skrevet, men mot slutten opplevdes boken litt stillestående.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethJarmo LarsenSissel ElisabethHarald KIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer Smedaassiljehusmor