Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Den myteomspunne Peer Gynt. Lystløgner på linje med Münchausen. Det hele er kaotisk og galimatias. Skjønner at de fleste nok ikke har lest Ibsens dikt, men heller sett det spilt på scenen. Det er nok det det gjør seg best også?
Mange gode sitater.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Overraskande lettlest, vittig og underhaldande. Reint ei matrjosjka-dokke av ei bok; eit skodespel som er eit dikt som er eit eventyr som er politisk satire som er … ja kva er kjerna egentlig? Peer prøver også å finne kjerna i seg sjølv mot slutten av boka, og konkluderer med at alt er berre mange lag utanpå einannan. Slik hadde eg det også med denne boka, eg er usikker på kva boka egentleg er. Men god er den i alle fall.

Sjølv om eg ikkje les mykje dikt, så set eg pris på kunsten å kunne lage vers med rim og rytme og som samstundes fortel noko. I den grad Ibsen hadde som mål å gjennomføre dette i teksta så greidde han det berre delvis. I enkelte passasjar har eg vondt for å finne rytmen i verselinjene, og der finnes også eit og anna haltande rim. Men i dei passasjane der rimet og rytma først sit, så sit det som eit skudd. Spesielt imponerende synest eg enkelte av ordvekslingane er, der replikken vekslar midt i ei verselinje.

Eit døme frå femte handling:

(en gutt:) Hva har du å selge? (Peer Gynt:) Jeg har et slott;-
det ligger i Ronden; det er muret godt.
(Gutten:) En knapp er buden! (Peer Gynt:) Du får gå til en dram.
Å byde mindre var synd og skam.
(En annen:) Han er lystig, gamlen! (Peer Gynt:) Grane, min hest! –
hvem byder (En i hopen:) Hvor går han? (Peer Gynt:) Langt i vest!
Mot nedgangen, gutter! Den traver kan flyve
så fort, så fort som Peer Gynt kunne lyve.

Desse dialogane var beint fram meisterlege.

Utgåva mi av boka er ei skuleutgåve, og den har 144 notar som forklarar uvanlege ord, eller referansar til stadar, personar eller hendingar som ikkje er alment kjende. Desse notane var kjekke å ha, men var ikkje avgjerande for å ha glede av teksta. Så får vi sjå om det byr seg eit høve til å sjå ei framføring av skodespelet ein gang, dette er noko eg ikkje har vurdert seriøst før eg las boka, men no har eg litt lyst til å sjå korleis dette tek seg ut på ei scene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Et overraskende bra "dikt"! Jeg lo mange ganger, for rimene gjør historien enda mer morsom. Om man skal lese "den norske kanon" bør man virkelig få med seg Peer Gynt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit Rgretemor