Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Brevet til Rosalin, Øystein Orten.
Somme bøker har skildringar så gode at det å åpne boka, lese side for side, er som åpne døra i heimen, og bli med nokon inn i livet deira, dag for dag.
Denne boka, om Johannes, som sit og skriv på eit brev er sånn.
Den er til dels lavmælt skrive, men og veldig intens og nær. Eg las, men følte eg sat ved kjøkenbordet til Johannes, såg ut glaset saman med han når han såg opp i fjella etter vêrteikn. Eg følte han fortalde historia i brevet rett til meg. Av og til henta han fram andre brev han hadde fått også, og las til meg - og til katten. Katten Pjusk er ein klok katt, som nok har opplevd meir enn folk flest. Av og til kom Marianne innom, Asle også.
Eg røpar ikkje for mykje når eg fortel atJohannes skriv brev til Rosalin. Kva han skriv, korfor, og kven Rosalin er; ja det må de lesa boka for å få vite noko om.
Orten skriv på nynorsk, på ein sånn måte at det er ei fryd å lese. Enkelt. Ujåla. Tett på sunnmørsk tale. Boka er på knappe 100 sider, dessverre tenkjer eg, no når eg lukker døra og står på baktrappa. Trur eg skal gå rundt nova og banke på ein gong til. Dette var ei flott bok, som kan nytast fleire gongar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For en utrolig fin og til tider sår bok dette var, skrevet på et nydelig nynorsk språk!
Les gjerne bokomtalen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas Bokleser