Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ein kan leika seg gjennom kyrkjehistorien med ein ateist utan trong til propaganda. Boka får sekser frå meg. Kanskje er eg predisponert for slik ei saftig bibelutlegging som Stærk driv med. Eg er utdanna teolog og praktiserande predikant. I mine lågkyrkjelege kretsar kan ein snakka om "sprengkrafta i Guds ord". Her er post-kristne Stærk knallgod. Så god at eg ville hatt han til å preika i kyrkja (om eg berre fekk runda av preika for han...) Han grip Jesu radikale ord, som er langt frå den snille læraren mange sekulære ser på han som. Jesu ord er fulle av kraft, også for ateisten Stærk. Kraft i den forstand at orda hans har sett menneske i brann i 2000 år. Kraft i den grad orda frå Jesu munn er fulle av paradokser, overdrivingar og spissformuleringar, slik alle vesentlege stormenn har halde seg for gode til systematisk tørrprat.
Les og bli bergteken!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienStig THarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAva