Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ei heseblesande satirisk forteljing om optimisten Candide, som er overtydd om at alt som skjer er til det beste. Dette livvsynet har han fått innprenta av den lærde Pangloss, som også er ein sentral figur i forteljinga. Candide er forelska i den vene Cunégonde, men omstenda gjer at dei kjem frå einannan, og havnar i dei mest utrulege situasjoner og på dei mest usannsynlege reiser rundt omkring i verda.

Stilen i boka er direkte og kontant, på kanten til vulgær. Kvart kapittel er tettpakka med handling, og det er berre å gi seg over over alt elendet Voltaire let Candide lide seg igjennom. Boka er eit motsvar til filosofiske hypoteser om Gud sin velvilje, og den skapte ein del rabalder då den kom ut i 1759. I tillegg er der nok ein del satiriske stikk til viktige personar og hendingar i Voltaire sin samtid, men som gjeng meg hus forbi på grunn av manglande historiekunnskap. Men raljering er moro uansett om ein forstår den fulle og heile bakgrunnen eller ikkje.

Eg høyrde denne som lydbok frå Loyalbooks, opplesinga var ikkje så aller verst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliJulie StensethBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAva