Viser 1 til 6 av 6 omtaler

I et lite hus utenfor Tokyo, bor et barnløst par i trettiårene. Begge jobber hjemmefra, og de snakker knapt med hverandre lenger. Så dukker en sjarmerende katt opp. Den vekker gleden i paret, de begynner å kommunisere igjen, og planlegger framtiden. Så skjer det noe som endrer alt nok en gang.

Aprilutfordring fra Trondheim folkebibliotek - «les en bok av en forfatter du ikke har lest før».

Registrerer at mange liker denne, men den falt ikke i smak hos meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er glad i kattar, og tenkte derfor at dette måtte vere ei bok som ville vere midt i blinken for meg. Og jau då, det var mange ting eg likte ved boka. Katteskildringane er veldig flotte, og ein må vel også kunne kalle dei poetiske. Då var det litt verre med menneskeskildringane. Eg greide ikkje heilt å få taket på personane i denne boka. Er japanarar så grunnleggande ulike meg sjølv at eg ikkje forstår meg på dei, eller er det forfattaren eg ikkje forstår meg på, eller kanskje har oversetjinga forvrengt eit eller anna? Noko er det i allefall, noko som gjorde at eg ikkje kunne kjenne meg att i stort av det personane gjer eller tenker.

Forteljarstemma er den til ein relativt ung, gift mann som saman med kona leiger eit anneks til ein herskapsvilla. Dei har vært igjennom ei slags krise, utan at ein får vite noko større om det, men ein får vite at ingen av dei er interessert i at dei skal ha ungar. Heller ikkje kjæledyr, for den del. Men ein av naboane til huset dei har flytta inn i har ein nydeleg kvit katt, og denne katten byrjar å vitje ekteparet. Dei blir så begeistra for denne katten at dei nærmast tilber den. Ein får etter kvart inntrykk av at heile livet deira dreier seg om denne inntrengaren i heimen deira. Men kan denne lånte lukka vare? (Ja, det er eit leiande spørsmål)

Eg vil ikkje seie at eg er skuffa over boka, men i og med at eg hadde vanskar med å setje meg inn i hovudpersonane sin stad så kjende eg på at eg ikkje fekk fullt utbytte av den. Vingla mellom terningkast 3 og 4, men enda til slutt på det siste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Läser norska översättningen som talbok och då heter den Katten. Inläsningen är gjord av en av mina favoriter Duc Mai-The.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vart overraska over at det var mest negativ omtale av denne boka her! Eg syntes boka er ein fin og var liten roman. Det er to livstrøytte, urbane og intellektuelle menneske som i denne boka opplever naturen sterkare og meir intenst - bl.a. gjennom ein vakker katt som kjem og går som den vil. Dei blir fasinert og glad i den sjølv om dei ikkje får klappe den. Ekteparet leiger eit anneks som ligg inn mot ein fin gammel hage. Det som skjer rundt i hagen og huset blir viktigare og viktigare for dei. Hovudpersonen leikar til og med med ein øyenstikker i hagen. Me får detaljerte og poetiske beskrivelsar av det vakre huset og hagen. Etterkvart ser dei og kan gle seg over livet rundt seg på ein annan måte enn før.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Leste den på norsk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Helt greit bok, men ikke noe mer. Holder såvidt til en 3er. Fullførte den ettersom den var så kort, så det var greit med ei bok jeg ikke trengte følge så mye med på. Ikke så mye som skjer i grunn!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBertyHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit HåverstadChristoffer SmedaasCamilla