Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Svetlana Aleksijevitsj har samla inn vitnesbyrd frå overlevande frå krigshendingar i Sovjetunionen, overlevande som var born den gongen. Den gongen er 2. verdskrigen, eller Den store fedrelandskrigen som den kallast der borte. 101 små bitar av ein barndom, enkelte er berre vage minne, andre er meir samanhengande attgjevingar av ting dei har opplevd. Men felles for dei alle ar at kvart enkelt av bidraga romer tilstrekkeleg med materiale til at det kunne skrivast ein roman over det.

Kvart vesle stykke innleiast med ei nøkkelsetning frå forteljinga, namnet til den som fortel, alder til barnet då hendinga skjedde, og yrket i dag. Det mest gledelege ved boka er at det ser ut for å ha gått brukbart med dei fleste av desse borna seinare i livet, yrkesnemningane tyder i alle fall på det. Men desse skrekkelege opplevingane frå barnåra må jo ha satt spor på ein eller annan måte, utan at ein får vite noko om det her.

Det er som nevnt stort sprik i detaljrikdom og innhald i forteljingane. Forteljartrangen til dei enkelte varierer også noko. Likevel er det ei slags heilheit over denne samlinga. Intervjuaren er jo usynleg, tilsynelatande ikkje ein part i denne overleveringa av barndomsminne til lesaren. Men ho må jo nødvendigvis skrive ned desse forteljingane, og det er vel i den prosessen (samt oversetjinga til norsk) at denne kjensla av heilheit stammar frå. Det er først når eg tenker over dette i etterkant at det slår meg at Alekseijevitsj også har del i desse forteljingane.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det handler om å filtrere sannheten om krigen gjennom de nå voksene, tilbake til barndommen, med egne opplevelser, slik de både er opplevd og blitt fortalt av familien og andre, og gjennom en forfatter som har vunnet nobelprisen i litteratur. Hun hadde ikke vunnet denne prisen om hun ikke hadde evnet å filtrere dette slik at barndommens essens blandes med krigens essens på en måte som berører. Om perspektivet blir mest krig eller mest barndom har ingen ting å si. Det blir uansett trist som faen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Reidun Anette AugustinStig TAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindus