Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Dyster historie om eigenrådige damer

Treavsnittsomtale:
Rikka Torsen er frå slekta på storgarden Gan, men slekta er kjøpt ut av den rike Mattias Aga og ho bor hjå broren, den skrøpelege Jon Torsen som er bestyrar på garden, og svigerinna Fernanda. Historia blir eigentleg ikkje fortalt, den blir antyda. Ein skal vere ganske god til å tolke hint av ulikt slag for å få med seg heile handlinga, eg gjekk truleg glipp av ein del vesentlege poeng undervegs. Sterke og eigenrådige damer, utanomekteskaplege forhold, sjalusi, barnemord, sinnsjukdom og hevn er nokre av ingrediensane. Og alt fortalt saman med sterke inntrykk frå naturskildringar.

Eg fekk mange assisiasjonar til Selma Lagerlöf sin Gösta Berlings saga då eg las denne. Litt på grunn av at settingane har mange likskapar (tidleg 1800-talshistorier frå stordgardar ved ein innsjø), men mest fordi det er ein nærmast draume- eller eventyraktig tone i begge forteljingane. Men Rikka Gan er nokre hakk mørkare enn Gösta Berling.

Eg høyrde denne som lydbok på Ordflyt, dette var den siste boka eg rakk å høyre før denne tenesta vart lagt ned (snufs). Eg bladde også fort igjennom boka på nasjonalbiblioteket sine sider, og hadde stort utbytte av det som supplement til gjennomhøyringa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

FindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina Solås