Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Mysteriet Maria Magdalena

Eg trur eg tillet meg å skrive " har lest", sjølv om nokre sider mot slutten er lesne med harelabb.....
Det var ikkje alltid like lett å ta innover seg all informasjonen og alle forsøk på å bevise at Maria var Jesu næraste – og at ho og hennar og Jesu etterkomarar slo seg ned i Frankrike. Enkelte av teoriane som er framsette, er baserte på kva som var vanleg samlivspraksis elles i Palestina rundt år 0.

Det er likevel interessant lesing – og ikkje minst: Det er med stor interesse eg les om kva menn har bestemt og diktert på ulike kirkemøte. OM.... det er sant alt som vert påpeika i denne boka om utelating og fornekting av fakta, så må bodskapen vere at ein stor del av vår religion basert på berre deler av det som verkeleg hende....
Enkelte hevdar at Maria Magdalena var skjøge. Dette kan ikkje dokumenterast, iallfall ikkje ut frå evangelia. Det er heilt utrulig at ho har hatt sine forkjemparar i 2000 år – så frå å vere beskulda for prostitusjon, fekk ho tilkjent helgenstatus i den katolske kyrkja i 1969.

Uansett: Maria Magdalena var ei sterk kvinne som har hatt stor betydning for forfattarar, kunstnarar av alle slag. Få bibelske kvinner er meir presentert i maleri, skulpturar, altertavler enn henne. Eg for min del er ikkje ferdig med henne enno....

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

HanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiMads Leonard HolvikElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupsiljehusmorHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen