Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det er vel ikkje heilt feil å seie at Alf R. Jacobsen har spesialisert seg på sakprosabøker om 2. verdskrigen? Best kjend er kanskje boka Kongens nei, som blei filmatisert for ikkje så lenge sidan. Men han har også skrive ein og annan kriminalromanen, slik som denne boka frå 2014. Men har du sett, handlinga er lagt til tida rundt andre verdskrigen, og den ligg tett opptil hendingar som han har skildra i nokre av sakprosabøkene sine.

Dette var nok eit lurt grep, for sjølve krim-delen av historia var ikkje all verdens. Det som likevel gjer boka verd å lese er den truverdige og velskildra rama rundt det heile. Eg tvilar ikkje ein augneblink på at Jacobsen kan dette stoffet til fingerspissane. Mange av romanfigurane er henta frå historiebøkene, og for den som ikkje har visst særleg mykje om Litsafronten og krigsdramaet i traktene mellom Finnmark og Kola-halvøya så er her mykje å lære (Kjartan Fløgstad har også gitt desse hendingane stor plass i boka si Grense Jakobselv.)

Kvifor djevelens kobber? Ein viktig motivasjon for maktkampen i nord var tilgangen på nikkel. Namnet «nikkel» kjem av det tyske «nickel», som var ein slags mellomting mellom bergnisse og djevel. Tyske gruverarbeidarar var nemleg frå gamalt av kjende med ein type koparmalm som det var uråd å utvinne kopar frå. Derfor meinte dei at denne malmen var forgjord av djevelen. Seinare fann ein ut at denne malmen inneheldt eit anna metall, som då fekk namnet nikkel. Sånn, det er utruleg kva ein kan plukke opp av å lese krimbøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroStig TChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHarald KHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine Bore