Viser 1 til 5 av 5 omtaler

Kva er dette? Ein biografi? Ja! Ei diktsamling? Ja! Ein slags roman likevel? Ja, kanskje litt av det også. Dette er historia om Birgit og livet hennar, skriven i diktform av venninna Ruth Lillegraven. Birgit har ikkje hatt eit enkelt liv; dette er ei spennande og sår historie, skriven på framragande vis i flotte, nummererte dikt, som kapittel. Denne trur eg fleire typar lesarar vil like, både dei som vanlegvis les og liker romanar, dei som les og liker biografiar og også sjølvsagt dei som les og liker lyrikk. Boka er lettlesen, og kan anbefalast på det varmaste!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

En sterk historie, men jeg blir likevel ikke sugd inn i den. Pluss for at den er lettlest tiltross for både nynorsk og versjeform!
Får en svak 5'er...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var ei magisk lesaroppleving! Manilahallen presenterer eit heilt liv som dikt. Med sorger og gleder. Desse dikta er skrive med nydeleg og enkelt språk som glir rytmisk og lett. Det er som ein mellomting mellom poesi og roman. Ein treng ikkje stoppe opp undervegs for å tolka. Det er heller sånn at historia veks i bakhovudet etter den er ferdig lest. Eg har i alle fall gått og tenkt på hovudpersonen Birgit i dagevis etter eg vart ferdig med boka. Kanskje særskild på mellomromma i historia, alt i livet hennar som ikkje er tatt med i boka. Og så tenkjer eg på sjukdommen, og bakgrunnen for den. Og personane rundt Birgit; korleis har dei hatt det?

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har akkurat avslutta lesinga av diktbiografien, Manilahallen, av Ruth Lillegraven. For ei bok! For eit liv! For ein skjebne! Og for ei leseoppleving! Det at den er skreven som eit dikt forsterkar innhaldet og gjorde at eg måtte ta nokon pausar undervegs for å fordøye stoffet litt etter litt. Dette er sterke saker. Denne boka kjem til å sitje i meg lenge.

Godt sagt! (5) Varsle Svar
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTorill RevheimTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaHarald KKirsten LundFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeEli HagelundKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam BillisonGodeminesiljehusmorJulie StensethVannflaskeSiri HelsethTom-Erik FallaAntheiaKikkan Haugen