Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Dette må være noe av det rareste og psykeste jeg har lest. Med mytologiske vesner, transformers og velferdsstaten i en salig blanding... Men svært underholdende!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk morosam! Eit stort kunstverk! Komplett med humoristiske historiske og mytologiske referansar! Bonus: språkleg medvit - forskjellige karakterar brukar ulike målformer, både konservative og radikale.

Boka er sett saman av korte episodar, så ho er lett å lese. Viss du ikkje har så mykje tid, kan du berre lese eit par sider utan å falle ut av historia. Eller du kan lese heile boka på to timar, sånn som eg gjorde.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er ikkje akkurat objektiv, då.

Men den tok åtte år å teikne for Knut - og det at han lagar ei bok er faktisk ein sensasjon i norsk historie. Historikarane vil takke meg! Og Knut. Mest Knut. Men meg også.

Her er Gyldendal si tekst:

Futen
Øystein Runde
No blir alle trådane i det mangslungne livet til Futekontorets mest iherdige innkrevjar samla.
Pris: 299,-

Noreg er verdas midtpunkt. Leif Eriksson oppdaga eit land vest for Grønland, fult av apacher og mohikanarar og kalte det Leiferika. Frå aust og sør kjem djinnar, gudar med elefanthovud, steinstatuar frå Påskeøya og levande totempælar. Gudar, jotnar, troll og dvergar frå heile verda går gjennom Kristiania sine gater.

Ein einaste institusjon held orden på dette enorme samfunnsmaskineriet: Futane.
Og ingen er meir ivrig i tenesta enn Fut nummer sytten, Mikael Braut. Ingen kan hindre Fut sytten i å følge alle reglane i Futekontoret sin manual.

Sjølv ikkje dei som fann opp reglane.

"Futen er Asbjørnsen og Moe på anabole steroider. Dette er eventyrene Ivo Caprino kunne ha fortalt, hvis han ikke hadde vært nødt til å ta hensyn til de jævla ungene."

Knut Nærum

"Dette er cutting edge, norsk tegneseriekunst som får meg til å lengte etter å betale skatt. Stipendministeren burde kaste penger etter Runde og Solberg, så de kan slutte å jobbe på SFO og heller gjøre skikkelig nytte for landet."

Erlend Loe

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine Sundal