Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Denne fotoboka liknar eit slags fotoalbum i utforming, og det er vel ei ganske karakteristisk Tomas Espedal-bok kva innhald angår. Den som har lese andre av hans bøker vil nok kjenne att biografiske forhold, og denne føyer seg inn idet sjølvbiografiske totalprosjektet hans. Eg ser at den albumaktige tonen i boka kan minne om Nan Goldin si klassiske fotobok The Ballad of Sexual Dependency, som eg òg faktisk ser liggande på eit av skriveborda til forfattaren, så det er vel neppe ei søkt samanlikning.

Elles er det ei fortellande bok som nyttar seg av fotografi som illustrasjonar, så det er ikkje så mykje gåtefullt ved bileta, men det er jo i tråd med fotoalbum-tradisjonen her, så det funkar, det.

Så handlar det jo mykje om tap og sorg, og bileta får liksom dette melankolske draget ved seg heile tida, så det kanskje kan bli litt mykje til tider. Utad så var eg skeptisk til konseptet, men det er ei fin (eigentleg ikkje, ikkje innhaldsmessig) bok som eg las med interesse. Eg las det nok mest som ekstramateriale til Espedal sine andre bøker.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For ei fin bok. Så lett og allikevel så djup på same tid. Kven er desse menneska, kva gjer desse stadene med oss, korleis er det i mitt liv? Ein kan gli inn i bileta, vera tilstades på ei vis. Og alt dette på ein liten ettermiddag. Gode fotografier sa mykje saman med den korte med likevel svært så Innholdsrike teksten. Ei bok for bokhylla, slik at ein kan hente den igjen og igjen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

2014 var det året jeg "oppdaget" bøkene til Tomas Espedal. Med hans fotobok "Mitt privatliv" ble det totalt fem bøker av han dette året. Veldig bra synes jeg, og en interessant form han har valgt for denne boken.Mer om denne boken i et blogginnlegg på bokbloggen min

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa