Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er forteljarkunst på høgt nivå. Chico Buarque er mest kjend som musikar, komponist og sangar, og kanskje er det nettopp denne ballasten som gjer at han skriv så flott ei bok? Melankolsk som ein bossa-nova, trist som ein moll-stemt samba, ei slektshistorie gjennom fleire århundre og ei historie om Rio de Janeiro, men først og fremst ei historie om kjærleik og sakn, og der delane av eit puslespel berre delvis blir pusla saman før boka er ferdig. Og det er slett ikkje sikkert at alle bitane har havna på rett plass.

Eulálio er 100 år, er innlagd på eit tredjerangs sjukehus, og fortel til alle som orkar å høyre på historia om slekta si og seg sjølv. Ikkje kronologisk, men i den rekkefølga minna dukker opp, og ikkje alle minna dukker opp der dei høyrer heime. Som einaste sonen i ei rik og mektig familie legg han ut på ei omvendt klassereise gjennom 1900-talet, der han til slutt ender opp i djup fattigdom. Tittelen «Leite derramado», spilt mjølk, viser til korleis han og etterkomarane skusla bort formua på ulike måtar. Men tittlen viser også til ei spesifikk hending med den store kjærleiken Matilde, den livlege ungjenta som elska å kle seg i oransje kjolar (fargen på bokomslaget er nok ikkje tilfeldig valgt) , og som brått forsvinn.

Måten forteljinga åpenberrer seg på er berre heilt fantastisk. Små og store brotstykke frå sitt eige, forfedrene eller etterkomarane sine liv, i ulogisk rekkefølge, av og til blir brotstykket repetert men med eit litt anna innhald, og av og til er det rett og slett feberfantasiar der fleire hendingar blir sausa saman med fri fantasi. Heile tida i form av monologar til sjukesøstre (som han stendig frir til), leger, portørar, slektningar på besøk eller berre rett og slett til taklampa.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHeidiHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteKristine Louise