Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Spion- og spenningsroman frå 2 verdskrigen

Kan ikkje huske når boka kom i hus, men har liksom aldri hatt lyst til å lese den! Så fekk eg iallfall ein STOR dose spenning no!

Miljøet er Egypt under 2.verdskrigen. Dei to hovudpersonane er spionen Wolff som tek seg umerka inn i Egypt for å hjelpe Tyskland med å ta kontroll over landet - og den engelske major Vandam som har den kompliserte oppgåva med å avsløre - og ta - spionen.

I tillegg til godt driv i historia, nesten frå første side, så blir det referert til verkelege, historiske hendingar som slaget ved El Alamein - og til autentiske personar frå historieboka,ma Rommel, Sadat....Det var med på gjere innhaldet meir truverdig.

Må tilstå at eg ikkje reflekterte så veldig over språket - sidan eg vart så medriven av historia ( og spionbøker er absolutt ikkje førstevalet her...).

Rebecca av Daphne du Maurier er svært så sentral, går som ein raud tråd gjennom heile boka: Jeg drømte i natt at jeg kom tilbake til Manderley....Har spora opp eit eksemplar av den, som skal lesast ganske snart.

Høgt spenningsnivå får frå meg karakteren 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald AndersenDolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun Svensli