Viser 1 til 2 av 2 omtaler

God underhaldning

Gøran Borg er middelaldrande, han er skilt, einsam – og ganske så motlaus etter å ha fått sparken frå jobben som skribent. Svært så trist, altså!
Når han då vert invitert på ein chartertur til India av damevennen og sjarmøren Erik, tar han motvillig sjansen på å bli med.
Det går ikkje så veldig bra; han får magetrøbbel og må bli igjen på eit trist hotellrom i Jaipur, medan dei andre reiser vidare.
Til alt hell kjem Yogi, ein velståande indisk optimist, og tek Gøran med tilbake til New Dehli. Han blir ein venn for livet, på mange måtar.

Gøran får etterkvart smaken på India, han møter ei vakker kvinne, Preeti, og han får ved hjelp av sin gode ven Yogi eit nytt og optimistisk syn på framtida!

Boka er fornøyelig, har mange humoristiske ord og vendingar, i tillegg til også å vise den svært så mangfaldige indiske kulturen på godt og vondt.
Eg har humra, opplevd litt spenning, og framfor alt; eg har nesten kjent alle gode dufter og vonde lukter som han skildrar med innleving... for ikkje å snakke om indisk mat og krydder...

Ei trivelig oppleving som gir kar: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Småfornøyelig :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl