Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Ei lita bok som eg tenkte skulle gå fort. Men nei. Denne trengte at eg var tilstades i kvart eit ord. Fascinerande at vi får den engelske teksten på venstre side og den norske på høgre. Det gjev av og til høve til å gruble over orda.
Eg storkoste meg og blogga ganske kort over boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Rockelegenda Patti Smith har skrive ei fin bok, «Sanka ull - Woolgathering».

Boka vart skrive for 20 år sidan, for eit lite forlag som publiserer handskrivne bøker, med namn som William Burroughs og Bob Dylan på forfattarlista. No er den vesle boka kome ut på norsk, i to-språkleg utgåve. Eg har gledd meg til å lesa ho, men det er eit eller anna som ikkje funkar. Slik er det stundom. Kanskje tidspunktet er feil, kanskje den norske omsetjinga vart for mykje av ein coverversjon og eg heller skulle konsentrert meg om den engelske originalteksten. Kva det enn er, eg legg berre boka til sides ei stund og tek ho fram att seinare. I mellomtida tipsar eg altså om at ho finst...

PS. Kva boka handlar om? Om det essensielle, om kva det vil seia å vera til og å veksa. Ei samling fragment, tankar kring kvardagslege hendingar. Undring og erkjenning. Og bøn. Motivet på omslaget (Jean-François Millets 1800-tallsmaleri «Shepherdess with Her Flock») viser ei jente i knall raud lue med ryggen til saueflokken ho gjetar, fordjupa i eit bønekjede. For - ja, det handlar om bøn. Og om å sanka ull på sin veg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så har jeg lest ferdig denne lille sjarmerende, koselige, vakre boka ; Sanka ull eller Woolgathering som originalen heter, av artisten og kunstneren Patti Smith. Den har jeg lest i små porsjoner, sakte, som konfekt. Dette er ingen liten bok man skal haste gjennom. Her er hvert ord, hver setning som sukkertøy. Smak, kjenn ettersmaken, nyt, sukk litt, ah...
Mer i blogginnlegget

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Tom-Erik FallaKirsten LundÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergJulie StensethPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTurid KjendlieTheaTanteMamieEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtSolDolly DuckTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveLeseberta_23Akima Montgomery