Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Maria Magdalena

ei spesiell kvinne frå si tid

Svenske Marianne Fredriksson har gjort eit noko ambisiøst forsøk på å fortelje Maria Magdalena si historie, nesten for ambisiøst, kanskje? Den bibelske Maria frå Magdala har for meg framstått som litt mystisk, spesiell, interessant – ei kvinne som vart rekna som urein, og som likevel fekk ein plass saman med dei som følgde Jesus.
Eg såg verkeleg fram til boka, men må innrømme at eg vart litt skuffa.

Maria opplever at brutale romarar myrdar heile familien hennar. Til alt hell vert ho teken hand om av Leonidas, ein eldre mann som sørger for at ho skal få eit trygt tilvere hos Evfrosyne som styrer eit gledeshus. Her finn ho seg til rette, og lettlærd som ho er, meistrar ho etterkvart godt sitt nye tilvere. I vaksen alder får ho psykiske problem, vonde makter har teke bolig i henne, meiner dei.
Så kjem Jesus inn i livet hennar, med alt det fører med seg, og på nytt får ho store utfordringar – på godt og vondt.

Historia er for mange delvis kjend , men boka innfridde ikkje mine forventningar. Strukturen er etter mitt syn noko uryddig, slik at det ikkje alltid er like lett å få med seg samanhengen. Språkleg er den til tider svært prega av skrivestilen vi finn i Bibelen, kanskje naturlig nok, men som roman tapte den seg ved det. Litt for mange gonger lurte eg på kven snakkar – kvar er vi, etc. Skildringane av miljøet nådde heller ikkje opp hos meg. Så derfor vart det kar: tre.

Men – kvinnene på Jesu tid risikerte mykje:
Hun hadde ofte tenkt på det, hvor ubegripelig sterke de var, disse kvinnene som fulgte Jesus. De forlot ikke bare familiene sine, de brøt med hele tradisjonen sin, hele det jødiske samfunnet. (s 227)

Korrigert 14.03: Maria Magdalena har fanga interessa mi - har vore på Biblioteket som hjelper meg å skaffe meir litteratur......

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. Martol