Viser 1 til 6 av 6 omtaler

Strengt tatt ikke særlig høyt nivå, men ganske bra driv og en artig hovedperson. Og kodeknekking a la Da Vinci-koden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Liker du gåter, hemmeligheter og spill på høyt nivå, er dette boken for deg. Historien foregår på 14 - 1500 tallet i sju byer i Europa. Jeg syns boken var helt fantastisk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei artig bok, litt i «Da Vinci-koden»-gata, om ei ung prostituert jente frå Firenze som tek eit modelloppdrag for Botticelli til maleriet Primavera, og som uforvarande gjer malaren sint slik at han ikkje betaler henne. Som hemn stel ho ein liten arbeidskopi av maleriet, og hamnar i livsfare då det viser seg at Primavera inneheld koda informasjon om eit politisk komplott. Ho søkjer hjelp hjå munken Guido, og saman reiser dei på ulike vis rundt til dei ulike italienske bystatane medan dei får fleire og fleire bitar av puslespelet til å falle på plass.

Enkelte bøker liker eg å lese med Wikipedia-oppslag undervegs, og dette er ei slik bok. Fiorato har tydelegvis gode kunnskapar om italiensk historie frå den aktuelle tidsepoka, og mange reelle, vidgjetne personar har ei rolle i boka. Der er også mange skildringar av historiske bygningar og tidstypiske handverk og gjenstandar. Men innimellom dukkar det opp skildringar som får meg til å tenke; «kan det verkeleg ha foregått slik på 1480-talet?» og då kom Wikipedia fram. Fleire gangar kunne skildringa eg stussa over forsvarast ut frå overfladiske Wikipedia-søk, medan eg andre gangar heller til at det er glipper i historieformidlinga. Eksempelvis:

Primo esempio: Metriske måleeiningar var ikkje i bruk i renessanse-Italia, desse einingane vart oppfunne mykje seinare. Så når Fiorato let hovudpersonen angi avstander i kilometer og centimeter gjeng eg ut frå at dette er med overlegg for å gjere det lettare for lesaren, og ikkje i vankunne.
Secondo esempio: Hovudpersonen fortel tidleg i boka at carpaccio er favorittretten hennar. Det er godt mogleg (sjølv om eg tviler) at det fantest ein liknande rett i renessanse-Italia, men namnet «carpaccio» stammer frå 1950-talet.
Terzo esempio: Ved eit høve får hovudpersonen eit flanellhandklede til å tørke seg med. Eg tillet meg igjen å tvile på at det var vanleg med flanell på den tida, i følge Wikipedia dukker denne stofftypen opp mykje seinare opp i historien.

Språkleg er boka er av vekslande kvalitet. Der er fint driv i mykje av historia, og der er mange flotte skildringar av miljø og personar. (Det grove språket som hovudpersonen innimellom vartar opp med er tatt opp i fleire av dei andre omtalene av boka, og eg held med dei som ser det som eit uttrykk for bakgrunnen hennar.) Men det skal godt gjerast å halde lesaran i ande i over 600 sider, og innimellom får tonen i forteljinga eit snev av plattheit og fantasiløyse. Dette blir forsterka av at same typen hendingar skjer eit par gangar for mykje. Likevel, alt i alt var det ei interessant, spanande og lærerik bok, tre ynskje på ein gang, nett som eit Kinder-egg.

I eit diskusjons-innlegg tidlegare i år gjorde eg eit poeng ut av å skulle lese ei bok med overdrive feminint omslag, og skrive omtale av den. Dette er boka eg plukka ut til denne øvinga, og med referanse til diskusjonen om omslag som rettar seg mot kvinner så meiner eg at omslaget på denne boka i for stor grad gjer nettopp dette. Rett nok er hovudpersonen kvinne, og ho er rett nok nøye med å skildre kjolane ho nyttar undervegs i forteljinga, men det forsvarer ikkje etter mitt syn eit bokomslag dominert av ein flagrande kjole. Forteljinga er mykje meir interessant enn det omslaget gjev uttrykk for, eg er glad for at eg ikkje la vekt på omslagsbiletet men heller på omtalen frå forlaget og omtaler her på forumet då eg bestemte meg for å kjøpe boka.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

Artig "røverhistorie", underholdende og lett å lese. Artig at det skrives inn kjente personer i historien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er det mulig å samle så mange klisjeer i et verk? Den ene klisjeen slår den andre ihjel og det blir bare verre og verre..... denne var en pine å lese fra begynnelse til slutt. Hvordan har denne boken klart å komme ut som hardcover - den hører hjemme i Stjerneserien eller noe sånt. Virkelig grusomme greier!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kunst og kriminalitet...

Ei ung,lyshåra og vakker skjøge - ein høg, staselig munk og eit spesielt maleri var det som fekk meg til å kjøpe boka.

Handlinga startar i Firenze i renessansen;Hovudpersonane: Luciana Vetri- kvikk, rappkjefta og småfrekk, livnærer seg som prostituert og modell - og munken bror Guido, ein omtenksam og vakker mann( det viser seg at han også har viktige kontakter ...)

Luciana vert så fornærma over å bli oversett etter eit modelloppdrag, at ho tek eit bilde: Primavera. Dette får uante konsekvensar.

Ho vert vitne til fleire drap, ho og medhjelparen hennar vert jaga på flukt/ rømer og reiser rundt til fleire av dei store kjende byane i Italia - og det dei opplever kan overgå fantasien til nokon og einkvar.
Spenningsnivået held seg høgt nesten gjennom heile boka, sjølv om det ikkje er vanskeleg å ane at det går bra til slutt - som det gjer i dei fleste fantastiske forteljingar.

For meg var det den rolla maleriet Primavera spelte som var mest fascinerande - maleriet driv handlinga fram, det vert tolka og tolka igjen, slik at eg fleire gonger måtte gå inn på internett for å sjå bildet sjølv. Har bestemt meg for å sjå Botticellis verk med eigne auge ein gong...om eg får anledning..

Boka er eit noko urealistisk, og til tider brutalt eventyr, med høg spenning og handlingar i fleng - forutsigbar,ja, men det passar eigentlig til sjangeren. Og som i mange andre eventyr har både talsymbolikk og andre symbol ein framtredande plass...Trur også eg må sei at eg innimellom fekk litt assosiasjonar til Da Vinci-koden.

Språklig ikkje av dei beste, men eg valde å forstå det slik at det var den uskulerte, vulgære og freidige Luciana si stemme vi hørte, og til henne passa det godt.

Alt i alt - har kosa meg med boka, blandinga av fiksjon(mest) og fakta, passa meg godt. Det er ikkje utenkelig at eg les meir av Fioarato ved ei seinare anledning...Sjølv om eg no kanskje er litt snill, så har dette vore såpass triveleg at eg gir karakteren fem minus..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl