Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Kortprosa, står det når ein søker opp tittelen på denne samlinga i bibliotekbasar og internettkjelder. Og det er det, til tider kort-kort prosa. Ikkje mange av stykka går over tre sider, nokre dekker berre ei halv. Likevel er dei få sidene tettpakka med liv og lagnar og gode historiar fortalt med berre akkurat so mange ord som trengs. Her kan ein lesa om han som vert forleten, om han som skal forlata, om han som kan drepa med blikket, han som tek toget heim og han som endeleg har funne noko som plagar han nok til å unna seg ein godbit på ein kvardag.

Sortland skriv ikkje noveller som gjer at ein sit att med ein klump i halsen. Kanskje heller tvert i mot, ein sit att med eit lite smil og tenkjer at "eg kjenner denne personen". Og so vert det gjerne litt urovekkande òg, for Sortland viser oss litt kva heilt vanlege folk, personar me kjenner, ber inni seg - og alt er ikkje like vakkert som turen med Bergensbana eller utsikta over ein by ein snart skal reisa frå.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit Håverstad