Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Boka startar med at vi møtar Kripos-etterforskar Magne Jerstad som er på veg til den vesle bygda Smalvik. Bygda ligg ved ein isbre og har mange journalistar på besøk. Det er på grunn av den svarte røyken som kjem opp frå isbreen. Eit år tidlegare hadde fire ungdommar forsvunne frå bygda på mystisk vis og aldri blitt funne. No er det funne fire skjelett i kjellaren på det store godset på staden, og mykje tydar på at dette er dei forsvunnene ungdommane. Jerstad skal prøve å nøste opp i dette mysteriet.

I neste kapittel møter vi Leo Rubin, ein av ungdommane som bur i Smalvik. Og no har vi hoppa eit år tilbake i tid. Vi får vite litt om Leo. Han bur saman med besteforeldra, sidan begge foreldra hans forsvann under ein ekspedisjon for å finne ut om den svarte røyken frå breen. Vi får også vite om korleis han kvar einaste dag må finne seg i å bli banka opp av skulens bølle Bastian Halvorsen.

Vi møter Leo dagen før skulen skal starte igjen og han gruar seg til å måtte møte Bastian. Denne kvelden ser Leo ein skikkelse i munkekutte som legg noko i postkassa hans. Han finn ei bok med ei merkeleg skrift. Ei skrift som berre openberrar seg ei kort stund. Teksten fortel om Abrahamsen, den første som busette seg i bygda og som fann inngangen til Landet under isen. Eventyr,tenkjer Leo.

Første skuledag blir ikkje som nokon annan dag og ender med at Leo blir med dei to nye elevane i klassen inn i ein tunnel som skal føre til Landet under isen. Leo er i følgje boka frå munken og dei to nye Den Utvalte som kan redde Landet under isen frå Mørket.
Vi følgjer både Leo og Jerstad i deire delar av forteljinga.

Det tok 20 sider og eg var fengsla. Plutseleg hadde eg vore i Smalvik i over to timar. Det var i allefall slik det kjendes. Eg hadde ikkje sete i mi eiga stove. Og det er da det er morosamt å lese. Det er da ein får dei gode leseopplevingane. Landet under isen er 550 sider med pur underhaldning. Den fortel ei spennande og interessant forteljing eg aldri har lese maken til. Det var ikkje ei einaste keisam side. Det var ikkje ein einaste gong at eg tenkte at eg burde brukt tida mi på noko anna. Eg anbefaler verkeleg å lese boka. Fantasyglade i alle aldrar kan ha stor gledje av å lese ho!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Utrolig spennende bok! Den er veldig bra skrevet, og jeg ble helt revet med selv om den er på nynorsk! Det er en av veldig få bøker som jeg har lest som er på nynorsk og samtidig veldig bra.

Den er litt skummel, med det gjør den bare enda gøyere. Forfatteren skriver om en helt vanlig verden og en fantasy verden samtidig.

Jeg gleder meg til å lese oppfølgeren!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Sol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H Helseth